Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den nye Coop-sjefen Geir Inge Stokke har gjennomført ei rask opprydding og slanka leiargruppa i konsernet frå 24 til 11 personar, skriv Aftenposten.
npk@npk.no
Publisert: 27.01.2016 kl 07:34
Sist oppdatert: 27.01.2016 kl 11:09
Då Stokke overtok som Coop-sjef i november i fjor, lovde han å rydde opp. No er 13 personar fjerna frå leiargruppa, mens 650 tilsette har måtta gå på grunn av overlappande arbeid etter at kjeda kjøpte Ica.
– 24 personar som rapporterer til meg er rett og slett for mange. Det blir ikkje effektivt, seier Stokke til Aftenposten.
Lise Mette Kjellberg, senior kommunikasjonsrådgjevar i Coop, seier til NTB at ingen i leiargruppa har fått sparken, men at det er blitt gjort rokeringar for å få ny struktur på leiargruppa.
Stokke leier eit konsern som har fått vind i segla etter Ica-oppkjøpet og no tar marknadsdelar frå konkurrentane. Dette har skapt energi og begeistring i Coop-systemet som Stokke har lyst til å utnytte.
– Vi må vere meir samordna og få endå meir trykk i organisasjonen. Då treng vi ei effektiv leiargruppe som tar dei viktige diskusjonane, seier han.
Omorganiseringa har også ført til at Daglegvare-Noreg har fått si første kvinne i toppleiarsjiktet. Stokke har henta inn Gøril Joys Johnsen som nestsjef, éi av tre kvinner i den nye leiargruppa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.