Annonse

Ny etterretningssjef tiltrer tysdag

Nils Andreas Stensønes (56) tiltrer tysdag som sjef for Etterretningstenesta. Han erstattar Morten Haga Lunde, som går av med pensjon.

Viseadmiralen vart utnemnd til stillinga i september.

– Skal vi bidra til eit godt avgjerdsgrunnlag, må vi forstå omgivnadene og tilpasse oss endringane. Verda blir stadig meir digital, og derfor må vi bli endå dyktigare i det digitale rommet, seier han i ei pressemelding.

Den nye E-sjefen kjem frå Sjøforsvaret, der han har vore sjef sidan 2017. Den stillinga overtek Rune Andersen.

(©NPK)

Viseadmiral Nils Andreas Stensønes begynner som ny sjef for Etterretningstenesta tysdag. Foto: Vidar Ruud / NTB