Annonse

Ny kjempeskjelpadde oppdaga på Galápagosøyane

(NPK-NTB-Ritzau-Reuters): Etter ti år med undersøkingar har internasjonale forskarar identifisert ein ny art kjempeskjelpadder på Galápagosøyane i Stillehavet.

I fleire tiår har ein trudd at to koloniar med kjempeskjelpadder var av same art, men no har DNA-prøvar bevist det forskarane mistenkte: at dyra er heilt forskjellige, sjølv om dei ser like ut og lever berre ti kilometer frå kvarandre på same øy.

Det finst omtrent 250 eksemplar av den nyoppdaga skjelpaddearten, som har fått det vitskapelege namnet Chelonoidis donfaustoi. Totalt er talet på ulike skjelpaddearter på Galápagosøyane no oppe i 15.

Kjempeskjelpadder, som kan vege opptil 225 kilo og bli over 200 år gamle, er blant skapningane som den britiske naturforskaren Charles Darwin studerte på si berømte reise til øygruppa på 1800-talet. Darwin tok attpåtil med seg tre kjempeskjelpadder til Europa, og ei av dei levde visstnok til 2006.

– Oppdaginga av den nye arten er ein del av prosessen med å forstå utviklinga til denne ikoniske dyregruppa, som inspirerte Darwin då han besøkte øyane, seier biologen Adalgisa Caccone frå Yale-universitetet, som har leidd forskinga.

Dei store skjelpaddene på Galápagos lever normalt av gras, blad, kaktus og frukt, men kan overleve i opptil eitt år utan vått eller tørt. (©NPK)

Annonse