Ny klimapolitikk kan vere på trappene i Canada
(NPK-NTB-Reuters): Den nye statsministeren i Canada, Justin Trudeau, meiner landet har vorte ein «paria» i klimapolitikken. No kan ei overhaling vere på veg.
I valkampen har Trudeau gått hardt ut mot avtroppande statsminister Stephen Harper for den svake innsatsen hans i klimapolitikken.
No lover Trudeau å delta på klimatoppmøtet i Paris. Deretter vil han samle saman provinsleiarane i Canada for å setje nye nasjonale utsleppsmål. Dette skal skje innanfor eit rammeverk som gir provinsane høve til å setje ein pris på CO2-utsleppa.
Men lovnadene frå den nye statsministeren har hittil vore vage, og det kan bli vanskeleg for den nye regjeringa å få alle provinsane med på laget. Miljøanalytikar John Bennett seier han trur Trudeau kan bli nøydd til å vri armen på provinsleiarane.
– Han kjem raskt til å oppdage at alle berre vil møte opp og seie at «ja, dette skal vi gjere», og så drar dei heim og gjer som dei vil, spår han.
Canada har i dag eit mål om å kutte utsleppa med 17 prosent av 2005-nivået innan 2020, men landet har allereie gjort det klart at dei ikkje kjem til å nå dette målet. Målet for 2030 er eit kutt på 30 prosent 2005-utsleppa. (©NPK)