Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Bli-leiren i EU-avstemminga i Storbrittania får 52 prosent oppslutning på ei meiningsmåling som er publisert på valdagen.
npk@npk.no
Publisert: 23.06.2016 kl 12:46
Brexit-tilhengarane får støtte frå 48 prosent i målinga, som Ipsos MORI har utført for gratisavisa Evening Standard.
Meiningsmålinga vart gjennomført tysdag og onsdag. Det har vore svært jamt på meiningsmålingane i tida fram mot folkeavstemminga.
Eit gjennomsnitt av dei seks siste målingane hos nettstaden What UK Thinks antydar eit resultat på 51 og 49 prosent for bli- og ut-leiren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.