Klargjør siden...

Ny måling gir raudgrønt fleirtal

(NPK-NTB): I ei ny meiningsmåling får dei raudgrøne partia fleirtal på Stortinget uansett om Arbeidarpartiet samarbeider med SV, MDG, Raudt og Sp eller om dei inngår samarbeid med Sp og KrF.

Uansett kva for ein av desse konstellasjonane Arbeidarpartiet skulle velje å inngå i, ville det utgjort eit fleirtal med 85 mandat på Stortinget dersom meiningsmålinga som Norstat har laga for NRK var eit valresultat.

– Det er veldig hyggeleg med fleirtal, men det er eit jamt løp. Eg trur det blir spennande fram til 2017, seier Trond Giske, nestleiar i Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet får den største framgangen i målinga og får ei oppslutning på 34,5 prosent (+2,4). Høgre går samtidig mest tilbake og får 21,5 prosents oppslutning (-2,8).

– Dette er ei litt for dårleg måling for oss, men vi har hatt mange vanskelege saker i innspurten på Stortinget. Eg trur vi kjem sterkare tilbake, seier statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg.

Ho innrømmer at saker som kommunesamanslåing, flypassasjeravgift og asylinnstramming kan vere årsak til nedgangen.

For dei andre partia er det mindre endringar. Frp får 16,6 prosent (+1,5), KrF 4,8 (-0,5), Venstre 4,2 (-1,1), MDG 2,8 (+0,3), Senterpartiet 7,1 (0,6), SV 4,2 (-0,9) og Raudt 1,8 (-0,6).

Også ei meiningsmåling TV 2 offentleggjorde måndag gav raudgrønt fleirtal. (©NPK)

Annonse