Klargjør siden...
Annonse

Ny masseskyting i USA

Minst tre menneske er skotne og drepne på ein bensinstasjon i delstaten Washington i USA, og gjerningsmannen er på frifot.

Ifølgje ABC News kom til gjerningsmannen ein Circle K-stasjon i byen Yakima i 03.30-tida natt til tysdag og skaut tilsynelatande vilkårleg rundt seg.

Mannen fyrte deretter av skot inn i ein bil, som han kasta seg inn i og forsvann med.

Politiet ser derfor ikkje bort frå at det kan vere eit fjerde offer etter skytinga.

(©NPK)