Ny McLaren-rapport avdekkjer kampfiksing i OL-boksinga i 2016

Den canadiske advokaten Richard McLaren fastslår i ein rapport at det var kampfiksing i millionklassen i samband med bokseturneringa i Rio-OL i 2016.

Den kraftige kritikken mot boksinga i OL var dermed rettmessig. I den ferske rapporten peikar McLaren ut meir enn ti kampar der det er mistanke om større manipulasjon av utfallet.

Han slår òg fast at det har vore store problem med juks i boksinga, ikkje minst under Rio-leikane og kvalifiseringa i forkant. McLaren vart kjent då granskinga hans beviste at det var omfattande og statsstyrt doping i Sotsji-OL i 2014.

– Frøet til dette vart sådd mange år tilbake, sa McLaren under ein pressekonferanse torsdag.

Mellom anna har ein oppdaga ei bestikking på 250.000 dollar (2,2 millionar kroner) som skal har vore tilbode for å styre resultatet i semifinalen for menn i lettvekt mellom mongolske Otgondalai Dorjnyambuu og franske Sofiane Oumiha, skriv nettstaden Inside the Games.

Utgreiinga har òg oppdaga eit «problem» rundt avgjerda med å tildele OL-gullet i supertungvekt til franske Tony Yoka, som møtte briten Joe Joyce i finalen.

Hovudansvaret for dei omfattande problema til boksinga i OL i Rio legg McLaren på taiwanske CK Wu, som var president i Det internasjonale bokseforbundet (Aiba) på det tidspunktet.

– Kampar vart manipulerte for pengar fordi ein rekna at det skulle gagne Aiba, eller som takk til nasjonale forbund og dei olympiske komiteane deira – og til og med blant ulike arrangørane – for deira økonomiske støtte og politiske oppbakking, sa McLaren og la til:

– Boksinga har eit problem, og det handlar ikkje berre om reglar og strukturar. Det handlar om personar.

Det er Aiba som har bestilt rapporten med håp om at McLaren skal finne eventuelle avvik innan sporten. Den består av to delar, der OL i Rio de Janeiro er den første.

Tvilsame dommarar og avgjerdene deira i Rio-leikane var ei av årsakene til at IOC stengde Aiba ute frå sommar-OL i Tokyo. Aiba fekk ikkje ha ansvaret for kvalifiseringa og heller ikkje ha representantar til stades i Tokyo.

(©NPK)

Franske Tony Yoka tok noko tvilsamt gullet i Rio-OL i supertungvekt ifølge ein fersk rapport frå Richard McLaren. Foto: François Mori / AP / NTB