Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Det er mistanke om infeksiøs lakseanemi (ILA) ved endå eit oppdrettsanlegg i Frøya kommune i Sør-Trøndelag, melder Mattilsynet.
npk@npk.no
Publisert: 01.09.2016 kl 10:42
Anlegget 34859 Salatskjæra blir drive av SalMar, og er bandlagt etter at prøver tekne 10. august var positive for ILA. Det er blant anna innført forbod mot å ta fisk ut og inn av anlegget. Dersom mistanken blir stadfesta, blir anlegget pålagt utslakting innan ein kort frist.
Salatskjæra ligg i eit område der det er mange oppdrettsanlegg og innanfor kontrollområdet for ILA som blei oppretta etter at sjukdommen braut ut i to anlegg i april.
– Lokaliteten Kattholmen og Kattholmen II som også er mistenkte for sjukdommen ILA ligg snautt 5 kilometer unna. Mattilsynet har teke ut prøver av fisk ved Kattholmen, men analysane har ikkje gitt grunnlag for verifisering av ILA. Det er derfor planlagt nye prøveuttak seinare, skriv Mattilsynet. (©NPK)