Klargjør siden...

Ny opptrapping i drivstoffstreiken frå onsdag

(NPK-NTB-Per-Helge Berg): Drivstoffstreiken blir trappa opp onsdag morgon, og allereie søndag blir streiken trappa opp endå eit hakk.

Onsdag morgon går dei tilsette ved Bodø lufthamn og Værnes utanfor Trondheim ut i streik. Dei kjem i tillegg til dei streikande på flyplassane i Tromsø, Bergen og Stavanger. Arbeidstakarar ved depota til Smart Fuel i Skjelnan ved Tromsø og Lillesund ved Haugesund er også i streik.

– Hittil har vi vore forsiktige og teke ut folk i streik med tanke på å først og fremst ramme arbeidsgivarsida slik at dei kjem tilbake til forhandlingsbordet, seier forbundsleiar Lars M. Johnsen i Norsk Transportarbeiderforbund til NTB.

Den nye opptrappinga frå søndag gjer at forbundet vil ha nærmare 50 prosent av medlemmene sine ute i streik, og det rammar no også bedrifter som leverer til andre delar av marknaden enn flysektoren.

Det er dei tilsette i depota til Bunker Oil i Ålesund, Sisterne i Oslo og Skånevik som tek på seg streikevestane søndag.

– Sisterne i Oslo leverer flybensin til Gardermoen, men også til vegtransport og vanleg bensin. Depota i Ålesund og Skånevik leverer bunkers til skipsfarten. Dermed utvidar vi streiken til å omfatte andre sektorar og bedrifter, seier Johnsen.

Kva konsekvensar det nye streikeuttaket frå søndag vil få for Oslo lufthamn Gardermoen er enno ikkje kjent, men Avinor har tidlegare opplyst at drifta vil gå som normalt gjennom helga og komande veke.

– Vi jobbar no med å kartleggje eventuelle konsekvensar frå søndag, seier kommunikasjonssjef i Avinor Kristian Løksa til NTB.

Tankinga til Tromsø lufthamn blir berre gjort av berre driftsleiaren i Flytanking AS, og med opptrappinga vil dei nærmaste alternativa i Bodø og på Værnes også vere tekne ut i streik.

– Vi kan berre halde oppe ein avgrensa beredskap med driftsleiaren på plass. Mot helga har vi chartertrafikk som trykkjer på, så dette kan bli ein kritisk situasjon vil eg seie, seier dagleg leiar Tomas Jacobsson.

Det var natt til laurdag at meklinga mellom Norsk Transportarbeiderforbund, Parat og Norsk Industri braut saman. (©NPK)

Annonse