Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Birgit Skarstein og Sunnaasstiftelsen får Bergesenprisen for innsatsen sin for paraidretten og menneske med funksjonsnedsetjingar.
Publisert: 22.09.2023 kl 08:42
Birgit Skarstein er blant Noregs fremste parautøvarar, og ho vann den sjette VM-tittelen sin i roing tidlegare i september.
Bergesenstiftelsen skriv i grunngivinga at ho vil «anerkjenne ein idrettsutøvar og ei humanitær stifting for det innovative arbeidet deira med å endre vilkåra for paraidrett, og å drive forskinga framover for parautøvarar og menneske med funksjonsnedsetting.»
Skarstein har sanka ei rekkje prisar dei siste åra, mellom anna Årets Peer Gynt (2021) og Egebergs ærespris i 2019.
Bergesenprisen vart oppretta i 1975 og blir delt ut årleg.
(©NPK)
Birgit Skarstein har vunne seks VM-gull i roing. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB