Klargjør siden...

Ny rapport: Snart like mange overvektige som undervektige barn

(NPK-NTB): Kronprinsesse Mette-Marit la tysdag fram dystre data frå ein global tilstandsrapport om feilernæring. Delen overvektige aukar i nesten alle land i verda.

Kronprinsessa stilte opp på EAT-konferansen i Stockholm med t-skjorta til organisasjonen. Der presenterte ho årets Global Nutrition Report (GNR), ein politisk uavhengig, global tilstandsrapport om verdsarbeidet med å redusera feilernæring. Resultata viser ingen framgang i arbeidet for å redusera feilernæring globalt. Kvar tredje person i verda er feilernært. Data frå 193 land viser at delen overvektige aukar i alle regionar og i nesten alle land. Nesten alle land er på villspor i kampen for å redusera anemi hos kvinner og diabetes. Talet på overvektige barn under fem år er snart like stort som talet på undervektige.

Deretter var kronprinsessa ordstyrar for eit debattpanel der tre ekspertar diskuterte rapporten.

Gunhild Stordalens EAT-konferanse heldt fram vidare, men kronprinsesse Mette-Marit forlèt lokala saman med kollega kronprinsesse Victoria av Sverige. (©NPK).

Annonse