Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Talet på amerikanarar som er drepne av skytevåpen er det høgaste på tre tiår. Og talet på kvinner som blir drepne, veks fortare enn talet på menn.
Publisert: 30.11.2022 kl 07:48
Det går fram av ein rapport offentleggjord tysdag av JAMA Network Open.
Det er særleg blant svarte kvinner at auken er dramatisk. Talet som er drepne av skytevåpen er tredobla sidan 2010, og talet på sjølvmord med skytevåpen blant svarte kvinner er dobla sidan 2015.
Forskinga bak rapporten er ein av dei grundigaste analysane av skytevåpendødsfall på mange år, seier David Hemenway ved Harvard-universitetet.
I oktober opplyste USAs folkehelseinstitutt CDCP at over 47.000 menneske døydde som følgje av skytevåpen i fjor, det høgaste talet på minst 40 år. Auken er på 8 prosent i året.
I analysen som går tilbake til 1990-talet, går det fram at talet på drepne byrja å auke markant i 2005, men frå 2019 var auken dramatisk, heile 20 prosent frå 2019 til 2021. I dei 32 åra sidan studien starta, er 1,1 millionar amerikanarar drepne med skytevåpen.
Rundt 14 prosent av dei drepne er kvinner. Dødsraten var i fjor 18 per 100.000 blant svarte kvinner, 4 per 100.000 blant latina-kvinner, og 2 per 100.000 blant kvite kvinner.
Men det er framleis blant unge svarte menn at flest blir drepne av skytevåpen. Dødsraten for svarte menn i 20-åra er 142 per 100.000. Den høgaste raten for sjølvmord er blant kvite menn i 80-åra, på 45 per 100.000.
(©NPK)