Ny rekord i talet på managerar som har mista jobben i England

(NPK-NTB-DPA): Totalt 56 managerar blei sparka i Englands fire øvste fotballdivisjonar sesongen 2015/16, ifølgje statistikk sleppt av den engelske trenarforeininga torsdag.

Den førre rekorden lydde på 53 og blei sett i sesongen 2001/02. Elleve av avgangane kom i Premier League, med Louis van Gaal i Manchester United 23. mai som den siste.

Arsène Wenger, som akkurat har fullført sin 20. sesong i Arsenal er for augneblinken den lengstsitjande manageren i England.

Med 14 oppseiingar kjem talet på trenar-/managerbytter opp i 70 sist sesong. (©NPK)

Annonse