Klargjør siden...
Annonse

Ny teori: Mikrokefali kjem av myggmiddel

(NPK-NTB): Dei mange tilfella av mikrokefali i Brasil kjem neppe av det myggbårne zikaviruset, ifølgje ei gruppe argentinske legar. Dei trur i staden årsaka er eit kjemisk stoff som er tilsett drikkevatn for å overvinne mygg.

Gravide kvinner over heile verda er blitt åtvara mot zikaviruset sidan det kan vere ein samanheng mellom viruset og den medfødde hjerneskaden mikrokefali.

Verdshelseorganisasjonen meiner samanhengen mellom viruset og hjerneskaden kan bli endeleg bekrefta i løpet av nokre veker. Men legane i den argentinske organisasjonen PCST trur syndaren er ein heilt annan: Eit kjemisk stoff som brasilianske styresmakter har tilsett drikkevatn for å unngå at mygg formeirar seg i vassreservoar.

Organisasjonen peikar på at det finst fleire land med mange zika-smitta, men utan tilfelle av mikrokefali, skriv nettstaden Tech Times. Legane hevdar også at kjemikaliet pyriproxyfen er tilsett drikkevatnet nettopp i dei områda der det er påvist uvanleg mykje mikrokefali.

Den brasilianske delstaten Rio Grade do Sul har stoppa bruken av pyriproxyfen inntil saka er undersøkt nærare, skriv avisa The Telegraph. Regjeringa i Brasil avviser likevel pyriproxyfen-teorien og understrekar at det ikkje finst vitskapelege bevis for at kjemikaliet forårsakar mikrokefali. (©NPK)