Klargjør siden...

Ny tung måling for Arbeidarpartiet

Statsminister Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet fell på ei ny måling og er no nede på 19,5 prosent.

Partiet går tilbake 0,3 prosentpoeng på partimålinga til TV 2 for januar. Sjølv omtaler partileiaren oppslutninga som historisk låg.

– Men eg seier som eg har sagt før, dei viktigaste tala er dei som gjeld folk flest, og det er straum- og matprisane. Og eg er optimistisk med tanke på 2023, seier Støre.

Også Høgre går litt tilbake på målinga, men hadde valresultatet vore som i målinga, ville det gitt eit borgarleg fleirtal.

– Oppslutninga om Høgre er hyggjeleg, men det er lenge til kommunevalet og endå lenger til det neste stortingsvalet, så vi kjem til å slåst for å behalde veljarane heilt fram til valdagen, seier Høgre-leiar Erna Solberg (61).

Målinga gir også eit hyggjeleg resultat for Senterpartiet og Trygve Slagsvold Vedum. Partiet går fram med 1,1 prosentpoeng og landar på 6,2 prosent.

Heile målinga: R 6,3 (- 1,1), SV 8,7 (-0,2) Ap 19,5 (-0,3) Sp 6,2 (+1,1) V 4,6 (-1), KrF 3 (+0,1), H 30,4 (-0,5), Frp 13,9 (+3,3), Andre 4,3 (- 0,4).

(©NPK)

Statsminister Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet går tilbake på TV2s nye partimåling for januar. Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse