Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Sidan mars i fjor har det nesten ikkje vore spora koronasmitte på store scener i Noreg, viser ei ny undersøking. Kulturlivet krev at det blir opna meir.
vaktsjef@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 14.01.2022 kl 19:50
Scenekvelder ved Folketeateret har henta smittetal frå 13 store scener frå mars 2020, då pandemien braut ut i Noreg, viser undersøkinga som NTB har fått tilgang til.
Nesten 900.000 publikummarar deltok på i alt 3.163 arrangement på mellom anna Folketeateret i Oslo, Olavshallen i Trondheim og Grieghallen i Bergen.
I denne perioden vart det avdekt tilfelle av koronasmitte berre 39 gonger.
Vidare er det ifølgje undersøkinga avdekt null tilfelle av vidaresmitte.
Regjeringa heva torsdag publikumsgrensa frå 50 til 200 personar. men det er langt frå nok, meiner Atle Halstensen i Scenekvelder.
– Vi blir haldne tilbake basert på gjettingar om smitterisiko, seier han til Aftenposten.
Halstensen meiner undersøkinga viser at dagens grense ikkje er forholdsmessig og krev at talet pågrensa må tilpassast storleiken på lokala.
Dette er regjeringa allereie i gang med å sjå på, opplyste kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) på pressekonferansen til regjeringa torsdag.
– Vi håpar dette er klart allereie neste veke, sa ho.
Folkehelseinstituttet (FHI) trur det kan vere mørketal, sidan mange ikkje veit kvar dei kan ha vorte smitta. Det avviser Halstensen.
– Når vi får ein førespurnad frå smittevernoverlegen, kontaktar vi alle som har vore på framsyninga. Ikkje éin gong har vi fått beskjed om at nokon er smitta, seier han.
(©NPK)
Folketeateret har plass til over 1.400 publikummarar, men i dag får dei berre lov til å sleppe inn 200. Foto: Ørn Borgen / NTB