Klargjør siden...

Ny vasskraft i strie straumar i fjor

(NPK-NTB): Noregs vassdrags- og energidirektorat sa i fjor ja til 78 nye småkraftverk i Noreg. I tillegg skal fleire store vasskraftverk ruste opp og utvide.

I alt 197 småkraftsøknadar vart behandla av NVE i fjor. Blant desse fekk 78 enten løyve eller positiv innstilling, mens 63 fekk nei og 56 vart trekte, opplyser direktoratet. Dei 78 prosjekta som har fått grønt lys, kan til saman gi ein kraftproduksjon på 769 gigawattimar.

NVE gav også løyve til bygging av tre nye vindkraftverk i Noreg. Desse vil kunne stå for 352 gigawattimar.

Det er likevel dei store vasskraftverka som drar det tyngste lasset. Her har NVE sagt ja til opprusting og utviding som vil kunne gi 793 gigawattimar i ny kraftproduksjon.

– Dette er ofte svært gode prosjekt som gjer at vassressursane kan utnyttast endå betre enn før, i mange tilfelle med små miljøverknader, seier avdelingsdirektør Rune Flatby i NVE.

Den nye kraftproduksjonen som fekk grønt lys i fjor, vil til saman kunne forsyne 100.000 husstandar med straum.

Talet på småkraftsøknadar er i dag raskt på veg ned, legg Flatby til.

– Det er ei naturleg utvikling fordi dei som vurderer å byggje kraftverk, må starte produksjonen innan 2021 for å få elsertifikat. Då begynner det å haste med å komme i gang med konsesjonsprosessen, forklarar han. (©NPK)

Annonse