Klargjør siden...

Nybygg på Utøya symboliserer dei drepne

(NPK-NTB-Ines Margot Zander): 13 ungdommar mista livet i kafébygget på Utøya 22. juli 2011. Delar av bygget er no bevart i hjartet av eit nytt læringssenter, der ungdom kan reflektere over betydninga av demokrati.

Taket på det nye læringssenteret, kalla Hegnhuset, blir halde oppe av 69 søyler. Søylene symboliserer dei 69 som blei drepne på Utøya 22. juli for fem år sidan.

Søylene blir hegna om av 495 tynnare bjelkar, éin for kvar av dei som berga livet.

I hjartet av det nye huset står delar av det gamle kafébygget. Medan 13 blei drepne, overlevde mange andre ved å søke dekning andre stadar i bygget.

– Det som er igjen, symboliserer døden, men også overlevinga, sa AUF-leiar Mani Hussaini då han viste fram det nye bygget tysdag.

Hussaini seier at ein framleis kan sjå synlege bevis på kva som skjedde 22. juli, og at han er glad for at AUF valde å ikkje rive heile kafébygget.

– Kvifor har vi gjort dette? Fordi vi meiner at dersom vi ikkje lærer av historia, er den dømt til å gjenta seg. Dersom ikkje framtidige generasjonar veit kva konsekvensen av ekstremisme er, så er det dømt til å gjenta seg. Derfor føler vi det som ei plikt og eit ansvar å vidareføre historia herifrå, held han fram.

– Dei som går på ungdomsskulen no var 9– 10 år den gongen. Dei hugsar 22. juli som noko vondt, men ikkje nødvendigvis kva det handla om, meiner AUF-leiaren.

Her skal ungdommane få lære om kva haldningar og kva for eit tankesett massedrapsmannen handla ut frå, men også korleis ein kan verne om demokrati, ytringsfridom og retten til å vere seg sjølv, ifølgje Hussaini.

Han meiner ungdommane vil vere dei beste til å forsvare desse verdiane.

  • Lillesalen, delar av storsalen, toalettområdet og delar av korridoren er no bevart på innsida av bygget.
  • 20.– 21. juli er det opne dagar på Utøya. 22. juli deltar kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg (H) på minnemarkering og omvising.

(Kjelder: AUF, Aftenposten) (©NPK)

Annonse