Nye dopingavsløringar i russisk friidrett
(NPK-NTB-TT): Den britiske avisa The Guardian viser til det russiske nyheitsbyrået Tass og skriv torsdag at fem russiske friidrettsutøvarar er utestengde for doping.
41 år gamle Maria Konovalova er den mest kjente av dei. Ho har vunne gull i den russiske meisterskapen i maraton to gonger, og ho har også to tredjeplassar i Chicago Marathon frå før. No er ho sett på sidelinja og utestengt til og med oktober månad 2017, noko som betyr at VM i London om to år er ute for hennar del.
Det er også bestemt at alle resultata hennar frå august 2009 blir erklært ugyldige, noko som tyder på at det er bevist at dopingbrota hennar har pågått i mange år.
Sleggjekastaren Maria Bespalova, som var OL-deltakar i London i 2012, er også utestengt saman med løparane Vlas Breditsjin og Jaroslav Tsjoropov. Dei er ute i fire år.
Den siste som har fått straffa si i denne runden av russiske dopingavsløringar er kappgjengaren Jevgenij Nusjtajev. Han er ute i seks månader.
I januar vart to utøvarar frå friidretten og fem kappgjengarar i Russland utestengde. Alle har medaljar frå VM og OL, noko som betyr at Trond Nymark og Kjersti Tysse Plätzer kanskje kan byte VM- og OL-sølv med gullmedaljar. Denne saka er framleis ikkje behandla ferdig. (©NPK)