Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Mats Rønning): Midt i innspurten med asylinnstrammingane på Stortinget påpeiker Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM) ei rekkje veikskapar ved lovforslaget.
npk@npk.no
Publisert: 31.05.2016 kl 14:04
– Den viktigaste innvendinga er at departementet ikkje set i verk noka eiga vurdering av om lovframlegga samla sett strir mot våre menneskerettslege pliktingar, seier direktør Petter Wille til NTB.
For sjølv om kvart enkelt framlegg isolert sett skulle kunne sjåast for å vere i samsvar med desse pliktingane, kan heilskapen peike i ei annan retning, meiner NIM.
– Om slike reglar vert kombinerte med høve for ein polititenestemann til å avgjere at ein asylsøknad ikkje skal realitetsbehandlast og at asylsøkjaren skal visast bort på grensa, så er det samla sett ei avgrensing i retten til å søkje asyl som det kan vere vanskeleg å forsvare, peikar dei på.
NIM slår fast at Justisdepartementet generelt går langt i vektleggje innvandringsregulerande omsyn på kostnad av menneskerettslege omsyn. Når det gjeld omsynet til barns beste i asylsaker har departementet ført «ei noko forenkla tilnærming», ifølgje fråsegna, som saknar ei nærmare drøfting av omsynet til barn i ein sårbar posisjon.
Nye reglar for familieinnvandring, einslege mindreårige asylsøkjarar og permanent opphaldsløyve utgjer ifølgje NIM «ei vesentleg innskrenking i barns moglegheit til å reise til og få opphald i Noreg».
– Vi kjem med våre råd, men fremjer ikkje kritikk eller trekkjer bastante konklusjonar, seier Wille. Han meiner berre Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg kan svare på spørsmålet.
– Om framlegga skulle vise seg å vere i strid med menneskerettane, vil Noreg rette seg etter ein avgjerd i EMD, fordi denne vil vere rettsleg bindande, seier Wille til NTB.
– Eit tolkingsspørsmål, slo innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) fast då spørsmålet frå SV og Venstre kom i april.
– Det er berre eitt prinsipp som ligg fast, og det er at du ikkje kan sende nokon tilbake til tortur, umenneskeleg behandling og forfølging. Elles er det føresegner som ein gjer vurderingar av, sa Listhaug.
Kommunalkomiteen skal etter planen gje frå seg innstillinga til saka innan 6. juni. (©NPK)