Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Ein gong låg Noregs største mellomalderborg på Slottsfjellet over Tønsberg. No skal ei stor arkeologisk utgraving gi nye svar om det som ofte blir omtalt som den eldste byen i landet.
Publisert: 03.12.2023 kl 09:05
– Planen er å gå laus på område som ikkje er godt undersøkte tidlegare, seier avdelingsdirektør Arild Braa Norli for kulturhistorie i Vestfoldmusea i ei pressemelding.
På den vesle fjellknausen over Tønsberg sentrum ruvar det som i dag blir kalla Slottsfjellet. Fram til nyleg husa fjellknausen den populære musikkfesten Slottsfjellfestivalen.
I mellomalderen låg likevel Noregs største borganlegg her, med namnet Tunsberghus.
No planlegg Norsk borgsenter å gjennomføre ei større arkeologisk utgraving i samarbeid med Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), som har ansvaret for alle arkeologiske utgravingar i Noregs mellomalderbyar.
I dag kan ein tydeleg sjå avtrykket av det som ein gong var ringmuren som strekte seg éin kilometer rundt borga, i tillegg til dei mest sentrale bygga.
Men det er rimeleg å tru at mellomalderborga husa ei rekke bygg som i dag er heilt borte, seier Norli.
– Gjennom ei utgraving håpar vi å finne spor etter bygningar og aktivitetar som kan gi oss ny kunnskap om livet på borga og menneska som verka der.
Sjølv om det er gjennomført arkeologiske utgravingar på Slottsfjellet i moderne tid, er det likevel rundt hundre år sidan den siste store utgravinga fann stad.
Arbeidet startar opp med eit forprosjekt i 2025 med mål om å starte sjølve utgravingane i 2026/2027, ifølgje Norli.
– Arkeologiske utgravingar er kostbare, og ekstra dyrt blir det viss ein finn gjenstandar som må konserverast. Vi håpar jo på å gjere spennande funn så vi må ta høgd for dette i planlegginga, seier han.
Tønsberg er ein av dei eldste byane i landet og blir ofte omtalt som den aller eldste, sjølv om dette ikkje har vorte stadfesta. Den kan ha vakse fram rundt år 1000, ifølgje Store norske leksikon.
(©NPK)
Tønsberg frå sjøen med Slottsfjellet i bakgrunnen.Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Slottsfjellet er ein liten ås i Tønsberg by, med ei høgd på 63 moh. Turistar besøkjer Slottsfjellstårnet, landemerket i byen, reist til Tønsbergs 1000-årsjubileum i 1888. Foto: Berit Keilen / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.