Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Gunnhild H. Bjerve): Snart fem år etter terroråtaket er Utøya tatt i bruk som konferansestad og møtestad. – Øya skal vere det motsette av eit ekkokammer på nettet.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 16:28
Slik beskriv dagleg leder Jørgen Watne Frydnes målet med nye Utøya. Det skal brukast av fleire enn Arbeidarpartiets ungdomsparti AUF, seier han.
– Både frå Noreg og internasjonalt skal det vere eit stad kor ungdom skal kunne komme og dele erfaringar og tankar og diskutere, forklarer Frydnes.
Måndag tok han imot Ap-leiar Jonas Gahr Støre og KrFs fungerande leiar Dagrun Eriksen. Dei to opna ein konferanse for partiarbeidarar og organisasjonar som byggjer demokrati. Gjestane kjem frå mange land og er del av eit nettverk som Ap og KrF er del av, The Political Party Peer Network.
– Det seier litt om kva for eit stort symbol Utøya er blitt for demokrati, ungdom og involvering, seier ho til NTB.
Det er første gong ho besøkjer Utøya, eit besøk som openbert gjer inntrykk, frå overfarten på MS Thorbjørn til besøket til minnestaden Lysningen.
Ap-leiaren meiner at stader og bygningar blir forma av menneska som bruker dei, og at det flotte med Utøya i dag er at ungdommen har bestemt å bruke staden til noko som dreier seg om håp.
– Vi kan ta med oss historia og aldri gløyme den, men vi kan også sjå framover. Det er ein god forteljing, seier Støre.
Delar av kafébygget vert bevart som eit minne om dei 13 som blei drepne der, men bygget vil bli omgitt av 495 søyler – ein for kvar av dei som overlevde åtaket.
Blant deltakarane på den internasjonale demokratikonferansen er Emmy Otim frå Uganda. Han jobbar blant anna med å engasjere ungdom i Uganda, Tanzania og Kenya. I Aust-Afrika er demokratiet stadig under press.
– Eg er glad for at konferansen er her. Symbolikken er at sjølv om du prøver å sabotere demokratiet, vil vi halde fast på målet og arbeidet for å sikre at alle land er demokratiske. Vi må ikkje gi opp, seier han.
– Det er røyster som framleis seier at Utøya burde vere som eit naturminnesmerke. Eg har respekt for det, men eg har veldig sans for viljen som kom, at ein mobiliserte kraft og givarvilje og bygget dette, seier Støre.
Han seier han blir prega av kvart besøk hit, sjølv om han sjølv ikkje var med i AUF som ungdom.
– Men eg var her som minister og eg har dei sterke minna frå 22. juli. Det er kanskje det som har berørt meg mest som politikar, å vere ein del av dette. Dette er vi berørt av kvar veke, seier han.
Til sommaren markerer AUF femårsdagen for da Anders Behring Breivik åtok AUFs sommarleir og drap 69 menneske på øya. Men Utøya står når som helst klar til å ta imot pårørande som vil minne ungdommane sine, påpeiker Frydnes. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.