Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Nyfødd baby redda frå båt utanfor Kanariøyane

Ein nyfødd baby er redda saman med 86 andre menneske frå migrantbåtar utanfor Kanariøyane.

Spanske styresmakter opplyser fredag at 87 migrantar fordelte på tre små båtar vart funne drivande i havet utanfor øya Gran Canaria kvelden før.

I tillegg til den nyfødde babyen og mora vart tre gravide kvinner som var om bord, sende til sjukehus.

Resten av menneska i båtane var ved god helse, opplyser helsepersonell.

(©NPK)