Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Den drapsdømte ukrainske Nadija Savtsjenko er lauslaten og på veg til Kiev. Ho skal bytast mot to russiske soldatar som er fengsla i Ukraina, ifølgje nyheitsbyrået Interfax.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 12:45
Fangeutvekslinga skal visstnok skje på flyplassen i Rostov. Ukrainas president Petro Porosjenko uttalte i april at han hadde inngått ein avtale med Russlands president Vladimir Putin om lauslating av Savtsjenko.
Den 34 år gamle ukrainske jagarflygaren vart i mars dømt til 22 års fengsel for medverking til drap på to russiske journalistar i Aust-Ukraina i 2014. Det er ei skulding ho sjølv blankt avviser.
Savtsjenko var på den tida medlem av ei paramilitær gruppe som kjempa mot dei prorussiske opprørarane i Aust-Ukraina. Ho har tidlegare tenestegjort som helikopternavigatør i det ukrainske militæret.
Rettssaka mot henne er blitt omtalt som politisk motivert av både europeiske styresmakter og menneskerettsgrupper. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.