Nyheitsmannen Gunnar Gran er død

(NPK-NTB): Den tidlegare NTB-, Aftenposten- og NRK-journalisten Gunnar Gran er død, 84 år gammal.

Gran døydde søndag kveld, skriv fagbladet Journalisten.

Gran blei fødd 11. juli 1931 i Ålesund. Han starta karrieren sin som journalist i Norsk Telegrambyrå som 21-åring i 1950, og var i fleire år Stockholm-korrespondent for byrået. På 60-talet var han mellom anna vaktsjef i Aftenposten, og hamna deretter i NRK som redaksjonssekretær i Dagsnytt. I 1981 tok han over etter Halvtan Hegtun som radiodirektør, går det fram av biografien om Gran i Norsk biografisk leksikon.

Gran hadde nokre år i Aftenposten på slutten av 80-talet som administrerande direktør, men forlèt avisa i 1990. Han tok deretter til i stillinga som generalsekretær i Norsk Presseforbund, ein posisjon han hadde fram til han gjekk av med pensjon i 1996. (©NPK)