Møre

Møre

- Eit skrekkeksempel på byråkrati

Foto: Tore Aarflot

Ordførar i Volda kommune, Jørgen Amdam, er frustrert over at det framleis ikkje er kome ei avklaring om kommunane vil få momskompensasjon for bygging av rus- og psykiatribustadar. – Her er eit uhaldbart skilje mellom fysisk funksjonsnedsetting og rus- og psykiatrisk funksjonsnedsetting, meiner han.

Møre
Møre

Publisert:

Skatteetaten betalar momskompensasjon til kommunar som bygg bustadar tilpassa personar med fysisk funksjonsnedsetting, men tolkar reglane slik at dei ikkje vil betale same kompensasjon for bygging av bustadar tilpassa rusavhengige eller personar med psykiske lidingar.

Skatteetaten meiner i si tolking at kommunen skal finne bustadar til dei i den private marknaden, i staden for å bygge kommunale bustadar.

– Dette er eit skrekkeksempel på byråkrati. Dette er ei gruppe som svært ofte har låg bu-evne. Ofte vert det gjort skade på bustad og inventar, og det gjer at vi har vanskar med å finne private som vil leige ut til denne sårbare gruppa, seier Amdam.

Kan tape millionar på regeltolkinga

For Volda sin del kan dette medføre at kommunen taper 6 millionar kroner på bygginga av nye, tilpassa bustadar på Rotset for personar med rus- og psykiatriske vanskar.

– I tillegg kan vi tape opp mot 300.000 kroner i året på drift av bustadane, legg Amdam til.

Bustadane på Rotset er sokalla «brann- og knivsikre» og det er knytt pleiarbustad til dei sju bueiningane som er under oppføring. Kommunen har fått tilskot frå Husbanken til bygginga, men ikkje momskompensasjon.

Det er ikkje berre Volda kommune som er i denne situasjonen. I følgje ein rapport revisjonsfirmaet Ernst & Young laga for Kommunesektorens Organisasjon (KS) i fjor sommar, er det eit potensielt tilbakebetalingskrav frå kommunar over heile landet på milliardbeløp knytt til bygging og drift av slike bustadar.

- Skal ikkje vere ei støtteordning

KS har på vegner av kommunane teke kontakt med Finansdepartementet om situasjonen, og departementet viser til at dei ikkje kan uttale seg i enkeltsaker, men viser til at formålet med den generelle meirverdikompensasjonsordninga for kommunesektoren ikkje er å vere ei støtteordning.

– Ordninga skal nøytralisere meirverdiavgifta når kommunane står overfor valet mellom å utføre tenester med eigne tilsette, då utan meirverdiavgift, eller å kjøpe tilsvarande tenester med meirverdiavgift frå andre aktørar, skriv Finansdepartementet i brev til KS.

- Her tolkar departementet og Skatteetaten at utleige og tenester i rus- og psykiatribustadar kan verte gjort på den private marknaden. Då verkar det som dei ikkje har fått med seg at dette er eit tenesteområde som inngår i lova sin intensjon med kompensasjonsordninga, meiner ordførar Jørgen Amdam.

- Særs lite tillitsvekkjande

Heller ikkje KS er nøgd med svaret frå Finansdepartementet.

– Etter vår oppfatning er det særs lite tillitsvekkjande at Skatteetaten finn grunn til å overprøve vurderingar som er gjort av fagpersonar i kommunen i samband med tildeling av bustadar. Det synest ikkje som om skatteetaten har forståing for at personar som vert tildelt slik type bustad har ein særs låg bu-evne, og at dei etter grundig fagleg vurdering er funne å ikkje vere i stand til å bu i anna type bustad enn dei får tildelt. Det er snakk om bustadar som er svært kostbare å byggje og drifte, så det bør ikkje vere nokon tvil om at kommunane berre tildeler slike bustadar der fagpersonar ser det som einaste moglegheit for brukarane, skriv KS til Finansdepartementet.

Inga avklaring før statsbudsjettet kjem

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 bad Stortinget regjeringa om å gå gjennom forståinga og praktiseringa av meirverdiavgiftskompensasjon-regelverket for rus- og psykiatribustadar for å vurdere om det er grunnlag for å fastsette nye retningslinjer for når slike bustadar kan definerast som «bustadar med helse- og sosialformål».

- Anmodingsvedtaket vil bli omtala i statsbudsjettet for 2018. Det er difor ikkje mogleg å gå nærare inn på denne omtalen no, seier seniorrådgjevar i kommunikasjonseininga til Finansdepartementet, Kristina Storeng til Møre.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...