Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 30.11.2021 kl 13:00
Tidlegare plansjef i Volda kommune, Per Heltne, stiller seg kritisk til Statens vegvesen sitt forslag for ny reguleringsplan for Voldatunnelen. – Det er galskap det dei no kastar fram, seier han.
Publisert: 30.11.2021 kl 15:30 - Oppdatert: 30.11.2021 kl 15:30
Helse Møre og Romsdal er uroa over koronasituasjonen, særleg på Sunnmøre, og hevar beredskapen ved Ålesund sjukehus. Sjukehuset har i dag høgt koronabelegg og full intensivavdeling.
Publisert: 30.11.2021 kl 11:45 - Oppdatert: 30.11.2021 kl 11:53
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) la tysdag føremiddag fram nye råd og påbod knytt til koronasituasjonen.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 29.11.2021 kl 23:21
Frå 1. desember vert testtilbodet i Ørsta og Volda endra. Frå no av vert innbyggarane oppfordra til å teste seg sjølv med PCR-test, som er den same testen som har blitt tatt på teststasjonen i Hovdebygda fram til no.
Publisert: 29.11.2021 kl 23:50
Måndag kveld 29. november fekk Ørsta meldt ytterlegare 1 smittetilfelle av Covid-19.
Publisert: 30.11.2021 kl 09:37
I løpet av helga har eit stor tal koronapasientar blitt innlagt ved Ålesund sjukehus. Majoriteten av desse er uvaksinerte, og fagdirektør Torstein Hole ber no innstendig om at folk tek koronavaksinen. – Om dette held fram, vil det få store konsekvensar for dei øvrige pasientane.
Publisert: 29.11.2021 kl 18:00
Trass i kulde og minusgrader var det stort oppmøte til julegrantenninga på Sivert Aarflot-plassen fyrste søndag i advent.
Publisert: 29.11.2021 kl 14:45 - Oppdatert: 29.11.2021 kl 16:29
Måndag ettermiddag har Volda kommune fått melding om fire nye smittetilfelle med Covid-19.
Publisert: 29.11.2021 kl 13:00
Kommunestyret i Volda er uroa over det som kjem fram i ei brukarundersøking om PP-tenesta og vil ha svar om kva tiltak tenesta vil setje i verk. – Ingen avtalar er skrivne i stein, og eg vil vurdere Volda si deltaking i PPT-samarbeidet om dei ikkje kan svare ut det som kjem fram, seier leiar i...
Publisert: 29.11.2021 kl 09:26
VY146 endrar frå måndag 29. november rutetraseen for ekspressbussen mellom Ulsteinvik og Oslo.
Publisert: 29.11.2021 kl 07:00
I samband med behov for installering av nytt naud- og ledelys ved Ørstaheimen, har det vore gjennomført ei heilskapleg brannteknisk tilstandsvurdering av bygningsmassen. Fleire avvik er avdekka - å lukke desse kostar kommunen kr. 8.557.000,-.
Publisert: 28.11.2021 kl 20:15
Kl. 19 søndag kveld fekk Volda kommune melding om eit nytt smittetilfelle med Covid-19.
Publisert: 28.11.2021 kl 18:00
Volda kommune byr inn til folkemøte om budsjett og økonomiplan på Volda samfunnshus onsdag 1. desember.
Publisert: 28.11.2021 kl 13:00
Over nyttår skal Volda kommune ha klar ein ny «heimekontor-hub» i kommunehuset Smia på Grodås. No har kommunen skrive kontrakt med første leigetakar.
Publisert: 28.11.2021 kl 07:10 - Oppdatert: 28.11.2021 kl 07:16
Natt til søndag starta det å brenne i ei hytte med fem personar i på Bjørke.
Publisert: 28.11.2021 kl 07:00
Ørsta Helsesenter har sidan påsketider hatt 2–3 legar i manko og denne situasjonen vil vare ut året.
Publisert: 27.11.2021 kl 20:00
Musikklinja ved Volda vidaregåande skule fekk endeleg halde kyrkjekonsert torsdag 25. november. Og publikum nytta sjansen til å nyte unge, fine, kule og flotte stemmer og talentfulle musikarar.
Publisert: 27.11.2021 kl 18:00
Salet av Lionskalendaren har starta. I år kan kjøparane henge den 40. årgangen på veggen.
Publisert: 27.11.2021 kl 13:00
Volda kommune har kome til semje med grunneigaren på Grodås som meiner kommunen øydela hagen deira under flaumsikringa av Vikeelva.
Publisert: 27.11.2021 kl 07:00
Initiativtakarane i Sæbø Fjordsauna AS søkjer Ørsta kommune om løyve til å forlenge flytebryggja på Sæbø for å kunne føre opp eit omkledingsrom med forbrenningstoalett tilknytt fjordsaunaen.
Publisert: 26.11.2021 kl 21:10 - Oppdatert: 26.11.2021 kl 22:59
Fredag kveld har Volda kommune fått melding om tre nye smittetilfelle med Covid-19.
Publisert: 26.11.2021 kl 21:40 - Oppdatert: 26.11.2021 kl 23:00
Fredag kveld melder Vegtrafikksentralen om bilberging i Eiksundtunnelen.
Publisert: 26.11.2021 kl 18:00
Volda Campus Sparebank 1 Arena har valt å halde ytterdørene låste etter skuletid på dagar der det ikkje er hallvertar til stades. – Vil du verte hallvert, ta kontakt, seier Rune Aarflot.
Publisert: 26.11.2021 kl 17:00
KFUM Volda Volleyball håpar på full tribune under heimekampen mot Skjetten i dag. Halvparten av billettinntektene vil laget donere til Kreftforeningen sin Movember-kampanje.
Publisert: 26.11.2021 kl 16:14
Ørsta kommune fekk i dag, 26. november, melding om fire nye smittetilfelle med covid-19.