Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 19.11.2021 kl 16:20
Teknisk vakt i Ørsta kommune er godt budd på eit evenetuelt uvær, som det no er meldt i helga og i dagane framover. Heldigvis er det ikkje varsla om skadar i skrivande stund.
Publisert: 19.11.2021 kl 15:40 - Oppdatert: 19.11.2021 kl 15:47
Ferjesambandet Hareid-Sulesund var innstilt grunna kraftig vind, og all trafikk måtte gå via Eiksundsambandet eller ferja Festøy-Solavågen. Frå kl. 15.30 melder Fjord1 at ruta er i drift, men at passajerane må vente noko forseinkingar.
Publisert: 19.11.2021 kl 13:55 - Oppdatert: 19.11.2021 kl 14:06
Fredag har vinden velta ein tilhengar på veg over Eiksundbrua. Tilhengaren sperra eine vegbana, men er no opna for trafikk.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 19.11.2021 kl 12:04
Yr.no har sendt ut farevarsel om kraftige vindkast utover ettermiddagen fredag i Møre og Romsdal. No er det lurt å sikre lause gjenstandar.
Publisert: 19.11.2021 kl 11:17
Ørsta kommune fekk i dag, 19. november, melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfelle og var uvaksinert.
Publisert: 19.11.2021 kl 07:00
Ørsta kommune fekk frå statsbudsjettet 2021 tilskot til utarbeiding av brannsikringsplan for det verneverdige tette trehusområdet Kyrkjegata. Summen var på 180.000 kroner.
Publisert: 18.11.2021 kl 20:00
Lauvstad Helselag skipa sist laurdag til kafé og tombola i lokala til det tidlegare postkontoret på Lauvstad.
Publisert: 18.11.2021 kl 17:00
Konstituert kommuneoverlege Bent Ingebrigtsen fortel at det er flest barn under 12 år som er råka av det siste store koronautbrotet i Volda. Dei første av desse er allereie ute av isolasjon.
Publisert: 18.11.2021 kl 15:56
Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle med Covid-19. Vedkomande er uvaksinert og husstandsmedlem med kjent smittetilfelle.
Publisert: 18.11.2021 kl 13:00
– Det kjennest som vi går heilt attende til start, sa ordførar Sølvi Dimmen (Sp) då Statens vegvesen informerte formannskapet i Volda kommune at dei vil starte heilt nytt reguleringsarbeid for «Volda-sida» av E39 Volda-Furene.
Publisert: 18.11.2021 kl 13:42
Ørsta kommune har i dag, 18. november, fått melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande har vore i nærkontakt med eit kjent smittetilfelle.
Publisert: 18.11.2021 kl 08:40 - Oppdatert: 18.11.2021 kl 11:24
Måsøval AS har inngått ei aksjekjøpsavtale med Vartdal Invest AS om å kjøpe Vartdal Gruppen.
Publisert: 18.11.2021 kl 09:45 - Oppdatert: 18.11.2021 kl 12:36
Torsdag morgon har to bilar kollidert i rundkøyringa i sjukehuskrysset.
Publisert: 18.11.2021 kl 07:00
No har den tradisjonsrike Julebutikken på Spinneriet opna, med mange flotte og handlaga varer frå 20 utstillarar. Her finn ein alt ifrå heimebaka lefser til heimesydde barneklede.
Publisert: 17.11.2021 kl 20:06
Volda kommune har i kveld fått melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19. Det er det femte tilfellet dei har fått melding om så langt i dag.
Publisert: 17.11.2021 kl 18:00
Volda brann og redning stiller seg positive til årets fellesfyrverkeri i Volda.
Publisert: 17.11.2021 kl 15:47
Volda kommune har onsdag ettermiddag fått melding om to nye koronasmitta. Begge er hustandsmedlemmar til kjende smittetilfelle.
Publisert: 17.11.2021 kl 14:10
Volda kommune har fått melding om to nye smittetilfelle med covid-19. Begge smittetilfella er husstandsmedlem med tidlegare kjende smittetilfelle.
Publisert: 17.11.2021 kl 13:45
Ørsta kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19.
Publisert: 17.11.2021 kl 13:39
Volda kommune har inngått avtale med Tesla AS om utbygging og drift av ein ny ladestasjon for Tesla-bilar på Øvre Rotset.
Publisert: 17.11.2021 kl 07:00
Julebutikken til NMS Gjenbruk har blitt ein fast årleg tradisjon i Volda, som får innbyggjarane i julestemning. No har årets julebutikk opna for sal, og butikken er full av julepynt og julegåver i alle variantar.
Publisert: 16.11.2021 kl 23:21
Kl. 23 tysdag kveld har Volda fått melding om endå eit nytt smittetilfelle med Covid-19. Det er det femte registrerte tilfellet denne tysdagen.
Publisert: 16.11.2021 kl 21:30 - Oppdatert: 16.11.2021 kl 22:58
Tysdag kveld melder politiet at to bilar har kollidert i Ivar Aasen-gata i Ørsta sentrum.
Publisert: 16.11.2021 kl 20:04
Volda kommune har tysdag kveld fått melding om to nye smittetilfelle med Covid-19.
Ørsta kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle med Covid-19.