Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 30.07.2021 kl 14:37
Møre og Romsdal politidistrikt kan bekrefte at Volda kommune har meldt utestaden My Kitchen.
Publisert: 30.07.2021 kl 13:40 - Oppdatert: 30.07.2021 kl 14:52
Volda kommune har bestemt seg for å melde restauranten My Kitchen til politiet etter det store smitteutbrotet i Volda og Ørsta dei siste dagane. I følgje vitner og ein video var det mykje folk som samla seg på restauranten i helga.
Publisert: 30.07.2021 kl 13:35 - Oppdatert: 30.07.2021 kl 14:32
Fredag midt på dag danna det seg lang kø ved teststasjonen i Hovdebygda. Dette trass i at kommunene har auka kapasiteten.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 30.07.2021 kl 13:27
På grunn av stor pågang på teststasjonen i Hovdebygda, melder Ørsta kommune om at alle som skal ha koronatest må bestille timen på nett. - Vi har ikkje kapastitet til å ta imot bestillingar på telefon!
Publisert: 30.07.2021 kl 13:22
Helsestasjon for ungdom og stundentar i Volda held stengt komande veke, veke 31, på grunn av smittesituasjonen i Volda og Ørsta.
Publisert: 30.07.2021 kl 12:10 - Oppdatert: 30.07.2021 kl 13:05
Fugl Føniks i Ørsta fekk i dag fredag telefon frå smittesporingsteamet om at ein tilsett hjå dei hadde testa positivt på koronatesten. Den tilsette var på jobb laurdag 24. juli.
Publisert: 30.07.2021 kl 11:00
Etter at Volda kommune gjekk ut med kokevarsel, vart butikkane i Volda reinska for vatn. Kjøpmann ved Bunnpris Volda, Einar Tore Haavik, måtte til Ålesund for å hente nye forsyningar med vatn.
Publisert: 30.07.2021 kl 07:31
Like før kl. 23 torsdag vart ein brannalarm i Eiksundtunnelen aktivert.
Publisert: 30.07.2021 kl 07:00
Steinsvik Olivin, søkjer om dispensasjon frå reguleringsplankrav om asfaltering av driftsveg. Dei etterlyser i den samanheng dispensasjonssøknad frå endra bruk av køyretøy for transport av massane frå brotområdet til utskipingsområde.
Publisert: 29.07.2021 kl 21:25 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 21:45
Smittetalet stig rett i veret og kommunane Volda og Ørsta har kome med mange justeringar i løpet av dagen. No kl. 20.33 melde kommunane om endå fleire.
Publisert: 29.07.2021 kl 19:04 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 19:07
Torsdag kom det inn melding på melding på melding om fleire koronasmitta. Kl. 18.30 kom det inn melding om endå fleire.
Publisert: 29.07.2021 kl 19:27 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 19:32
Møre har fått fleire tips om at det var svært mykje folk inne på My kitchen laurdag, og at det var "ville" tilstandar og mangel på smitteverntiltak. Kommunen har gått ut og oppmoda alle som var der om å teste seg for korona. Grunnen er at ein av gjestane var smitta.
Publisert: 29.07.2021 kl 16:25 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 16:48
I dag er det meldt om til saman 49 nye smittetilfelle. Til saman er det no registrert 69 smitta personar i dei to kommunane Volda og Ørsta.
Publisert: 29.07.2021 kl 16:20 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 16:23
Ein tilsett ved Christian Gaard bygdetun på Trandal har testa positiv på Covid-19. No ber dei gjestar å testar seg.
Publisert: 29.07.2021 kl 15:40 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 16:52
Det er oppdaga Intestinale enterokokker ved Volda vassverk. Volda kommune bed innbyggjarane om å ikkje drikke av vatnet.
Publisert: 29.07.2021 kl 12:05 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 12:18
Torsdag: Volda og Ørsta fekk i går kveld og i dag meldt om til saman 16 nye tilfelle av Covid-19. Fleire av desse har truleg vorte smitta på My kitchen i Volda.
Publisert: 29.07.2021 kl 10:10 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 10:32
På grunn av auka smitte lokalt ønsker Ørsta kommune å vere føre var og ha betre kontroll over besøk inne på sjukeheimane.
Publisert: 28.07.2021 kl 15:20 - Oppdatert: 28.07.2021 kl 16:53
På grunn av auka smitte og uavklara smittesituasjon i Volda, oppmodar kommunen om å utsette eller unngå besøk til pasientar og bebuarar ved Volda omsorgssenter.
Publisert: 29.07.2021 kl 09:35 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 15:43
Fugl Føniks - Mat, drikke og bar i Ørsta, opplyser på facebooksida si at det var ein koronasmitta gjest hjå dei 27. juli.
Publisert: 29.07.2021 kl 09:20 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 09:48
Den nyast satsinga til Vartdal Plast er å få Eldar Sætre inn som ny styreleiar og Henriette Undrum som nytt styremedlem. - Dette er eit viktig ledd i selskapets bærekraftsatsning, seier Jan Endre Vartdal.
Publisert: 29.07.2021 kl 07:56
Ørsta brann og redning måtte rykke ut til eit hus i Ørsta sentrum på grunn av ein automatisk brannalarm.
Publisert: 29.07.2021 kl 07:35 - Oppdatert: 29.07.2021 kl 07:38
Onsdag vart det meldt om mistenkjeleg røyk frå Dalsbygda i Volda kommune.
Publisert: 28.07.2021 kl 16:35 - Oppdatert: 28.07.2021 kl 19:57
- Vi har ikkje hatt kapasitet til å ringe nærkontaktane, knapt nok tid til å kartlegge skikkeleg dei smitta. Vi klarer heller ikkje å få tak i nok folk til å teste store volum. Alle einingar vi kontaktar for hjelp er i same situasjon med marginal sommarbemanning og no også ein del ute i...
Publisert: 28.07.2021 kl 16:15 - Oppdatert: 28.07.2021 kl 16:52
Det er smitteutbrot i Volda/Ørsta, og det er mykje ungdom som er råka. Det er avdekka totalt 15 smittetilfeller denne veka. Kommunelege i Ørsta, Marte Vaage Øie, seier at dette fort kan bli eit stort utbrot. – Det er spesielt viktig at vi unngår og avlyser samankomstar i tida framover, då...
Publisert: 28.07.2021 kl 14:35 - Oppdatert: 28.07.2021 kl 15:05
Tysdag ettermiddag måtte svana Svanhild til veterinær. Ida Ørstavik var saman med familie sin og bada i Hornindal då dei blei vitne til den dramatiske hendinga, der ei kvinne greip tak i svana og vrei halsen rundt tre gongar. – Det var ei brutal og traumatisk hending.