Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 28.03.2021 kl 13:00
Sunnmøre Torsk AS søkte 26. november Ørsta kommune om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel for en mogleg ny oppdrettslokalitet for torsk ved Vindsneset i Hjørundfjorden. Med bakgrunn i merknadane som har kome inn vert plasseringa av anlegget justert.
Publisert: 28.03.2021 kl 11:00
Kommunestyret har vedteke å opprette ei SFO-ordning for Austefjorden som eit avbøtande tiltak etter endringa av skulekrinsgrensene. – Det er tydeleg at tidlegare vedtak ikkje er optimalt når ein må innføre avbøtande tiltak, seier Arild Iversen i KrF, og inviterer til omkamp om krinsgrensene.
Publisert: 28.03.2021 kl 07:00
- UKL-midlane er ikkje meint som reine driftstilskot i landbruket. Vi og arbeidsgruppa for UKL ynskjer å stimulere til beitebruk i området, men vi vil finne ein god og rettferdig måte å gjere det på, i samarbeid med statsforvaltar og andre UKL-område, og gjerne bondelag.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 27.03.2021 kl 18:00
Jon Inge Bjørdal opplevde nyleg ei spesiell hending, som har gitt stor respons i sosiale media.
Publisert: 27.03.2021 kl 17:50 - Oppdatert: 27.03.2021 kl 17:51
Volda kommune opplyser i ei pressemelding laurdag om at personen som fekk påvist koronasmitte, fredag kveld, var passasjer på eit fly. Flyet gjekk frå Bergen til Ørsta/Volda lufthamn Hovden.
Publisert: 27.03.2021 kl 13:00
Natt til søndag 28. mars skal klokka stillast ein time fram, og vi går frå vintertid til sommartid. No går vi endeleg mot lysare tider.
Publisert: 27.03.2021 kl 11:50 - Oppdatert: 27.03.2021 kl 11:52
Volda kommune har kome med nye råd til dei som skal reise på ferie til Volda eller vil reise frå Volda i påska.
Publisert: 27.03.2021 kl 11:00 - Oppdatert: 27.03.2021 kl 11:15
Koronaoppdatering: Seint i går kveld, 26.03.21, fekk Volda kommune beskjed om eit nytt smittetilfelle.
Publisert: 27.03.2021 kl 10:00
Fleire har teke kontakt med Ørsta kommune for å høyre om moglegheitene for å kome heim til Ørsta i påska, frå område med større smitteutbrot - som Oslo.
Publisert: 27.03.2021 kl 07:00
Ørsta kommunestyre held sitt fyrste heildigitale kommunestyremøte med blanda hell, og etter ein time debatt om møtet i det heile burde haldast eller avlysast gjekk fleirtalet inn for å behandle sakene som hastar mest og utsette resten.
Publisert: 27.03.2021 kl 00:11
Volda brannvern mottok melding om flammar frå ei stikkontakt i eit vaskerom i Hornindal.
Publisert: 27.03.2021 kl 00:16
Fredag kveld har ein fått svar på alle prøver tatt på Nordfjordeid onsdag og torsdag. Alle prøvesvar er negative.
Publisert: 26.03.2021 kl 19:54
Smittetilfellet som vart meldt i går, 25.03.21, hadde 23 nærkontakter som er sett i karantene. Av desse oppheldt 22 seg i Ørsta eller Volda kommunar. Den siste oppheld seg i ei anna kommune.
Publisert: 26.03.2021 kl 19:45
Styra i Energiselskapet Stryn AS og i Tussa Kraft AS har begge samrøystes vedteke at dei to selskapa skal slå seg saman.
Publisert: 26.03.2021 kl 17:00
Formannskapet i Volda kommune meiner dei siste endringane som er gjort i planane for utbygginga av «Voldaportalen» på Myrane, er så omfattande at den må leggjast ut til nytt offentleg ettersyn.
Publisert: 26.03.2021 kl 18:00
Mannen bak utbygginga «VoldaPortalen» på Myrane i Volda, Arne Johan Rebbestad ved Asko Holding AS, seier han er litt skuffa og frustrert over at prosjektet blir forseinka nok ein gong. – Vi trudde at når alle motsegner var trekte så var vi på god veg.
Publisert: 26.03.2021 kl 14:40
Regjeringa har innført strengare nasjonale tiltak og Volda kommune opplyser at dei held seg til desse. – Vi innfører ikkje eigne lokale smitteverntiltak.
Publisert: 26.03.2021 kl 14:59
I samband med dei nye nasjonale anbefalingane frå helsestyresmaktene 25. mars, har Helse Møre og Romsdal skjerpa ytterlegare inn på smitteverntiltak for besøkande og tilsette i føretaket.
Publisert: 26.03.2021 kl 07:00
Ørsta kommunestyre er positive til eit spleiselag mellom fylkeskommunen og andre aktørar for bygging av ny gang- og sykkelveg frå Brungot til Mosflata, og gjev eit sterk signal om å fysiske skilje som vil krevje langt mindre dyrkamark til prosjektet.
Publisert: 26.03.2021 kl 09:22
For første dag på lenge er det ikkje meldt om nye koronasmitta i Stad, men utfordringar med analysekapasiteten i Førde og Bergen gjer at mange prøvesvar vert forseinka.
Publisert: 25.03.2021 kl 18:00
Crashville er tilbake med ny musikk etter nokre rolege år, og vil sleppe to låtar før sommaren. Den første låten vart sleppt i natt.
Publisert: 25.03.2021 kl 15:40 - Oppdatert: 25.03.2021 kl 15:59
Ein person i Volda har testa positivt på koronavirus. Smittesporingsarbeid er i gang, og kommunen seier det er uklårt om dette tilfellet har tilknyting til tidlegare smittetilfelle i Volda og Ørsta.
Publisert: 25.03.2021 kl 11:15 - Oppdatert: 25.03.2021 kl 15:13
Volda og Ørsta Kunstlag har overrekt kunstverket «Wolden i Søndmør» av den tyske biletkunstnaren Georg Saal i gåve til Volda kommune. Biletet er frå 1855 og syner den gamle stavkyrkja i Volda.
Publisert: 25.03.2021 kl 09:59
Denne veka har Volda kommune fått tildelt 192 dosar av Pfizer-vaksinen, og siktar mot å vaksinere aldersgruppa 77-81 år. Neste veke vil dei vaksinere aldersgruppa 77-75.
Publisert: 24.03.2021 kl 18:00
Arbeidet med handelspark på Øvre Rotset starta denne veka, og byggjetrinn ein skal vere klart om eit år.