Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 20.01.2025 kl 20:00
Fineveret i helga gjorde at folk søkte ut i naturen. Dei aller fleste hadde bytta skisko med tursko.
Publisert: 20.01.2025 kl 17:05
Laurdag føremiddag markerte Sunnmøre friluftsråd starten på Friluftslivets år med festlegheiter på Prestesætra, Grindløda på Klepp og på Lid. Ordføraren opna med piñata-knusing, båltenning og oppfordra til å utforske Volda sin vakre natur gjennom heile året.
Publisert: 20.01.2025 kl 17:00
Tysdag skal Volda formannskap handsame ei rekkje søknadar om midlar frå Kraftfondet. Dei fleste har positiv tilråding.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 20.01.2025 kl 16:00 - Oppdatert: 21.01.2025 kl 16:04
Volda Røde Kors Hjelpekorps hadde søksøving saman med Ørsta Røde Kors Hjelpekorps og Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps måndag.
Publisert: 20.01.2025 kl 15:00
Det vart bronsemedaljar til både gute- og jentelaget til Møre og Romsdal under volleyball-NM for regionslag, med mange voldingar på begge lag.
Publisert: 20.01.2025 kl 12:05
Finn Arne Follestad har sendt fleire spørsmål til Volda-ordføraren knytt til den store avgiftsauken hos Volda og Ørsta reinhaldsverk (VØR) no i 2025.
Publisert: 20.01.2025 kl 12:00
Viti seier dei kan sjå tilbake på eit vellykka 2024, med solid publikumstilstrøyming. – Med 142.000 besøkjande held vi fram veksten, særleg ved dei største musea; Sunnmøre museum, Jugendstilsenteret og KUBE.
Publisert: 20.01.2025 kl 05:05
Kommunedirektøren i Volda rår formannskapet til å sette ned ei forhandlingsnemnd i samband med Tussa Kraft AS sine utviklingsplanar på Bjørke.
Publisert: 20.01.2025 kl 05:00
Fellingstala frå hjortejakta i Volda og Ørsta er klare, og det vart sett ny fellingsrekord i «gamle» Volda kommune i 2024.
Publisert: 19.01.2025 kl 20:07
Tradisjonen tru vart det også i år arrangert Barnas dag på Soltun Gard i regi av Ørsta Røde Kors, ein aktivitet for heile familien.
Publisert: 19.01.2025 kl 17:45 - Oppdatert: 19.01.2025 kl 17:51
Volda køyrde over Vålerenga og vann til slutt heile 35-16. Med dette resultatet ønskjer Volda-trenaren at serieleiarane skal ta med seg momentumet.
Publisert: 19.01.2025 kl 17:05 - Oppdatert: 19.01.2025 kl 19:56
Opplæringssenteret «Gillen Kompetanse» i Furene byter namn til «Sikkerhetskompetanse AS». – Med namnebytet håpar vi å tydeleggjere at vi vil vere ein heilskapleg aktør innanfor kursbransjen, seier dagleg leiar Rune Dalsbø Tøsse.
Publisert: 19.01.2025 kl 17:00
Volda Folkebibliotek har hatt ekstra mykje aktivitetar både for store og små i 2024. Dette viser godt att både på besøk- og utlånstala.
Publisert: 19.01.2025 kl 12:05
Volda Rotary håpar å ha badstova klar til bruk innan påska i år.
Publisert: 19.01.2025 kl 12:00
Kan kreativitet og livskvalitet vere nøkkelen til å skape meir berekraftige liv? Volda-forskarar går i djupna på framtidsferdigheiter i ei ny bok.
Publisert: 19.01.2025 kl 05:05
Regjeringa har kome med gode nyhende for «norsketianarar» når dei set seg som mål at det skal omsetjast for 25 milliardar kroner innan 2035.
Publisert: 19.01.2025 kl 05:00
Talet på flyktningar frå Ukraina vart nesten halvert i fjor frå 2023. Det kjem av innstrammingar i reglane for kollektivt vern, trur Utlendingsdirektoratet.
Publisert: 18.01.2025 kl 17:05
Medlemmane i Coop Nordvest får i desse dagar utbetalt 89 millionar kroner i kjøpeutbytte for 2024.
Publisert: 18.01.2025 kl 17:00
Årets sesong starta med hurtigsjakk, og 10 år gamle Magnus og 12 år gamle Jakob slo kvar sin klubbleiar i første runde!
Publisert: 18.01.2025 kl 12:05 - Oppdatert: 18.01.2025 kl 15:14
Etter fire bortekampar på rad, kjem Volda endeleg heim. Søndag tek topplaget i 1. divisjon imot botnlaget Vålerenga i Volda campus SpareBank1 arena.
Publisert: 18.01.2025 kl 15:10 - Oppdatert: 18.01.2025 kl 15:11
Stryningen Johannes Thingnes Bø er ein av tidenes mestvinnende skiskyttere, og har vunne mange medaljar i olympiske leiar. Han har vunnet totalt 20 VM-gull, og vunnet verdenscupen sammenlagt fem ganger. I mars legg han opp.
Publisert: 18.01.2025 kl 12:00
Politimeisteren i Møre og Romsdal har sikta ein 19 år gammal mann frå Syvde etter at han utførte hærverk på ein bil i Ørsta sentrum i fjor.
Publisert: 18.01.2025 kl 05:00
Gjenbruken i Elvegata 7 i Volda kan sjå attende på eit svært godt år. Endelege rekneskapstal for 2024 ligg enno ikkje føre, men salsinntektene ser ut til å kome over 2,8 millionar kroner.
Publisert: 18.01.2025 kl 10:00
Torsdag rykte Volda brann og redning ut til Aasen-huset på høgskuleområdet for å bistå med ein vasslekkasje.
Publisert: 18.01.2025 kl 09:12
Natt til laurdag: Som vanleg vart det halde eit årvåkent auge med kva som skjer på vegane. Det vart målt høg fart og "lavpromille".