Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 15.01.2021 kl 09:59
Stryn kommune melder at ein person har tsta positivt på Covid-19 etter innreise til Noreg.
Publisert: 14.01.2021 kl 18:00
Tussa har sett i drift sitt 23. vasskraftverk. Osdalen kraftverk vil ha ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 16 GWh, som er straum til om lag 800 husstandar i eitt år.
Publisert: 14.01.2021 kl 14:25 - Oppdatert: 14.01.2021 kl 14:26
Bergens Tidende melder at det har vore koronasmitta om bord i eit fly frå Oslo til Bergen som har mellomlanda på Hovden.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 14.01.2021 kl 11:40 - Oppdatert: 14.01.2021 kl 13:09
- Dette var ingenting å grue seg for, seier 95 år gamle Birgit Mikalsen. Ho var første bebuar på Hornindal omsorgssenter som fekk koronavaksinen.
Publisert: 14.01.2021 kl 10:06
Volda kommune melder at ein person testa positivt på koronasmitte onsdag kveld. Personen har vore på reise i utlandet og har site i innreisekarantene.
Publisert: 14.01.2021 kl 11:00 - Oppdatert: 14.01.2021 kl 11:08
Det vart sett ny fellingsrekord i Volda kommune under hjortejakta i 2020.
Publisert: 14.01.2021 kl 07:10 - Oppdatert: 14.01.2021 kl 09:16
På grunn av tekniske problem er ferja Volda-Lauvstad innstilt inntil vidare.
Publisert: 14.01.2021 kl 10:00 - Oppdatert: 14.01.2021 kl 11:13
110-sentralen i Møre og Romsdal melder at det skal vere brannøving med røyk ved Moane Gård i Follestaddalen.
Publisert: 13.01.2021 kl 21:58
Toppkampen mellom Volda og Follo var forventa å bli jamn og i lange perioder var den det. Volda ville med siger kome heilt i ryggen på Follo
Publisert: 13.01.2021 kl 18:00
Svein H. Arnesen har sjølv møtt på kvikkleire ved fleire høve i Volda sentrum. Han er likevel ikkje uroa. – Det er kort veg ned på fast fjell her.
Publisert: 13.01.2021 kl 17:20 - Oppdatert: 14.01.2021 kl 09:33
Onsdag ettermeiddag i 17-tida køyrde eit nytt vogntog feil i Sjukehusrundkøyringa.
Publisert: 13.01.2021 kl 13:35
Volda kommune melder at det ikkje er kome nye positive prøvesvar etter at ein tilsett ved Øyra skule fekk påvist koronasmitte før helga. Men dei har framleis ikkje funne smittekjelda.
Publisert: 13.01.2021 kl 13:00
I fjor sette Vinmonopolet nye rekordar og selde totalt 115,5 millionar liter på landsbasis, ei auke på 40 prosent frå 2019. I Volda var auken i salet på 22 %. – Det har vore restriksjonar for skjenkestadane og folk reiser mykje mindre. Det merkar vi godt på salet vårt, seier butikksjef i...
Publisert: 13.01.2021 kl 11:00
Onsdag 13. januar klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.
Publisert: 13.01.2021 kl 10:51
Stryn kommune melder at to personar har testa positivt etter å kome tilbake frå eit land med høgt smittepress. Begge personane har vore i karantene og har ikkje hatt nærkontaktar.
Publisert: 12.01.2021 kl 20:25 - Oppdatert: 13.01.2021 kl 07:13
Tysdag kveld køyrde ein tankbil seg fast og sperra vegbana i Vikebygdvegen. Først kl. 01.20 melde Vegtrafikksentralen at vegen var opna att.
Publisert: 12.01.2021 kl 22:40 - Oppdatert: 12.01.2021 kl 23:45
Politiet har fått melding om tre lause hestar i Ørsta.
Publisert: 12.01.2021 kl 20:20 - Oppdatert: 12.01.2021 kl 20:35
Politiet melder at to vogntog har kollidert i låg fart på E39 i krysset ved Kjøs bru.
Publisert: 12.01.2021 kl 18:00
Ifølgje «Primstaven – Tradisjonar og gamle merkedagar», går jula mot slutten. Onsdag er det tid for å sende jula på dør.
Publisert: 12.01.2021 kl 13:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen har vendt seg til Statens vegvesen for å klage på den nye ferja som er sett inn på Volda-Folkestad.
Publisert: 12.01.2021 kl 13:28
Torsdag byrjar koronavaksineringa av tilsette ved Volda sjukehus. Dei to neste vekene skal det settast ca. 850 vaksiner ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.
Publisert: 12.01.2021 kl 10:00
– Det har stort sett gått bra med karane som har vore ute og brøytt. Det kom mykje på ein gong og var litt hektisk natt til søndag, fortel Ronny Rotevatn, driftsleiar for veg og park i Volda kommune.
Publisert: 11.01.2021 kl 15:55 - Oppdatert: 11.01.2021 kl 15:56
Måndag ettermiddag skjedde det igjen: Eit vogntog måtte stoppe i krysset oppom ferjekaia på Lauvstad, klarte ikkje ta laust att og då føraren gjekk ut av bilen sklei vogntoget bakover.
Publisert: 11.01.2021 kl 14:46
Beate Slettevoll Lech (46), frå Volda, skal i aksjon i den første delfinalen i Melodi Grand Prix på laurdag.
Publisert: 11.01.2021 kl 13:20 - Oppdatert: 11.01.2021 kl 13:38
Mange har koronatesta seg i helga etter at ein tilsett ved Øyra skule testa positivt på fredag. Kommunen melder at alle prøver som har kome attende har vore negative.