Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 08.12.2019 kl 07:00
Styrar av Velli AS søkjer om dispensasjon frå arealplanen då Musikk i sentrum vil leige i kjellaren i Ivar Aasen-gata 18 i Ørsta. Her vil ein ha servering, møtestad og kulturscene
Publisert: 07.12.2019 kl 18:00
Arbeidet med å samle inn gåver, sponsing og støtte til byggjesteg i hestesportssenteret Ørsta er i full gong. Torsdag fekk «Ørsta hest» ei stor gåve frå Sparebanken Møre.
Publisert: 07.12.2019 kl 13:00
Anita Arnesen Kragset i Eiendomsmegler Vest håpar kommunestyret vil satse på Sollia barnehage i staden for eit kjøp på Bratteberg. – Dette tilbodet har vore eit stort salsargument til dei som tenkjer på å etablere seg i Volda.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 07.12.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 25.06.2020 kl 06:25
Bratt Sykkelklubb er i gong med å grave ut og realisere ny terrengsykkelsti i nærheita av Bratteberg og skisenteret. Den to km lange løypa vert laga for alle, både adrenalinsøkjaren og nybyrjaren, og målet er å bli ferdige til våren.
Publisert: 06.12.2019 kl 18:00
Bankane sine nye identifikasjonskrav har gitt stor etterspurnad etter pass i Volda og Ørsta.
Publisert: 06.12.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:13
Nokas tok nærast storeslem i konkurransen om tryggleiksleveransar til 42 Avinor-flyplassar. Securitas Transport Aviation Security (STAS) får, med sine om lag 1.300 tilsette, berre behalde tre av dei.
Publisert: 05.12.2019 kl 18:00
Ordførar Sølvi Dimmen seier at fellesnemnda sitt vedtak om ny høyringsrunde i tilfelle skulenedlegging i Austefjorden ligg fast
Publisert: 05.12.2019 kl 17:00
Arild Iversen (KrF) meiner det vil vere ein sakshandsamingsfeil å hoppe over ei høyringsrunde om skulekrinsar dersom Austefjord skule vert nedlagt. – Om ikkje kommunestyret rettar opp i dette, vil eg klage inn avgjerda til Fylkesmannen.
Publisert: 05.12.2019 kl 15:20 - Oppdatert: 06.12.2019 kl 13:52
Det har gått ras på vegen Fv 5891 mellom Austefjord og Straumshamn, nærare bestemt i Geislida. Dalsfjorden er rasfarleg.
Publisert: 05.12.2019 kl 15:00
I eit brev til politikarane i Nye Volda ber FAU og foreldre i Austefjorden innstendig om at krinsinndelinga vert teken opp på ny dersom skulen deira vert lagt ned. – Mange kan få ei ekstrem utfordring med å få kvardagen til å gå opp.
Publisert: 05.12.2019 kl 13:21
Høgre og KrF vil stoppe eit kjøp av Bratteberg barnehage, men fleirtalet i formannskapet vil at rådmannen skal gå i forhandlingar med eigarane.
Publisert: 05.12.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:13
Etter fjorårets suksess, arrangerte Ørsta vgs. ny innovasjonscamp for alle Vg2-klassene ved skulen onsdag. 150 unge entreprenørar fekk ta del i ein heil dag med nyskaping.
Publisert: 04.12.2019 kl 18:00
SpareBank 1 Søre Sunnmøre har inngått ein avtale der dei vert hovudsponsor for Hornindal skisenter dei neste tre åra.
Publisert: 04.12.2019 kl 13:16
Formannskapet ønskjer ei løysing for dei kommunale barnehagane slik at det maksimalt vert to veker med full sommarstenging.
Publisert: 04.12.2019 kl 07:00
Søndag 1. desember opna peparkakebyen på Spinneriet. Dette er eit initiativ som skaper både trivsel og engasjement blant befolkninga i Volda. Med bidrag ifrå både skular og barnehagar samt privatpersonar var det ikkje tvil om engasjementet rundt prosjektet.
Publisert: 03.12.2019 kl 23:05 - Oppdatert: 04.12.2019 kl 00:16
Det vart full sal under Volda kommune sitt opne orienteringsmøte om økonomien i Volda. Spørsmåla frå publikum var mange og godt gjennomtenkte, og mange var kritiske til kutt og prioriteringsforslaga.
Publisert: 03.12.2019 kl 18:00
På Lauvstad vart det 1. søndag i advent tent lys i julegrana, som står ved Lauvstad ferjekai.
Publisert: 03.12.2019 kl 15:00
Det er fleire partar som har klaga på moment i områdereguleringsplanen til Ørsta sentrum. Ingen fekk medhald hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Publisert: 03.12.2019 kl 13:20 - Oppdatert: 03.12.2019 kl 13:22
Formannskapet vil vurdere ei nedlegging av barnehagen og skulen i Austefjorden, men dei ønskjer ikkje å sjå på kva skulekrins Austefjord-borna skal høyre til.
Publisert: 03.12.2019 kl 13:00
Eit fleirtal i formannskapet vil at varaordførar i Nye Volda skal ha lønn som svarar til 40 % av ordførarløna. Ordføraren i Nye Volda får betalt det same som ein stortingsrepresentant.
Publisert: 03.12.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 25.06.2020 kl 06:22
Tradisjonen tru vart det arrangert fakkeltog med vandring til Karlsethola for å tenne Voldastjerna laurdag. No skal stjerna lyse for oss i heile desember.
Publisert: 03.12.2019 kl 09:28
Måndag kveld har ein personbil køyrt av vegen på E39 ved Nordre-Vartdal.
Publisert: 02.12.2019 kl 18:00 - Oppdatert: 03.12.2019 kl 12:55
Laurdag 30. november feira Volda Raude Kors 75 års jubileum på Volda turisthotell.
Publisert: 02.12.2019 kl 11:00 - Oppdatert: 02.12.2019 kl 11:01
Frå 16. desember kan pasientar få utført akutt blautdelskirurgi ved Volda sjukehus også i helgane.
Publisert: 02.12.2019 kl 07:00
Ein jury har kåra dei ti beste faktabøkene for barn som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt inn forslag. Blant dei ti er Ørjan Nyland si keeperskule-bok.