Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 11.11.2024 kl 09:42
Landslovjubileet 2024 blir markert i Aasentunet 14.–17. november. Her kan du lære meir om Noregs første felles lovbok og sjå ein unik gjenstand utstilt for første gong: Eit mellomalderdiplom frå Bjørkedalen.
Publisert: 11.11.2024 kl 17:05
To kveldar i oktober vandra over 10.000 menneske gjennom ein opplyst Elvadal i Volda. I løpet av dei sju åra som har gått sidan første vandring har konseptet Øyralangs vakse seg stort. Så stort at behovet for fleire menneske i regien har meldt seg.
I sitt alternative statsbudsjett legg SV fram ekstra løyving til Noregs Mållag og tilskot til nye læremiddel på nynorsk til vaksenopplæring for flyktningar og asylsøkjarar, i tråd med innspel frå Nynorsk forum.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 11.11.2024 kl 13:30 - Oppdatert: 11.11.2024 kl 13:46
Kvalane frå Dalane, elevane på mellomtrinnet på Dalane skule i Åmdalen, trakk det lengste strået og får representere Søre Sunnmøre under den skandinaviske finalen av First Lego League.
Publisert: 11.11.2024 kl 16:24
Mannen i midten av 30-åra som vart utsett for grov vald natt til søndag i Vanylven kommune, har vorte skriven ut frå sjukehuset.
Publisert: 11.11.2024 kl 12:05
Volda Campus var vertskap for den store Lego-finalen der unge deltakarar frå heile Søre Sunnmøre stilte med teknologiske løysingar på utfordringar som påverkar samfunnet vårt.
Publisert: 11.11.2024 kl 12:00
Loddsal, tombola og velsmakande trøystepremiar lokka både unge og eldre til frikyrkja laurdag, der gleda over basaren smitta alle.
Publisert: 11.11.2024 kl 10:44
Margit Lovise Holte sluttar stillinga si som sokneprest i Ulstein til fordel for sjømannskyrkja i Los Angeles.
Publisert: 08.11.2024 kl 11:03
I 1965 blei to jenter ombytt ved fødselen i Herøy i Møre og Romsdal, og vaks opp i andre familiar enn sine biologiske. Denne veka byrjar ei rettssak i Oslo tingrett der dei i dag 59 år gamle kvinnene, og ei av mødrene, har kravd erstatning frå kommunen og staten.
Publisert: 08.11.2024 kl 10:12
Klasse 1.2 på Bratteberg skule synest det var veldig spanande å få refleks av politiet, og dei synest uteområdet sitt er veldig fint. Særskilt spanande er det med «eigen» skog å utforske i friminutta.
Publisert: 10.11.2024 kl 19:35 - Oppdatert: 10.11.2024 kl 19:41
Volda HK var favorittar framfor møtet deira med Åsane. På parketten var det langt jamnare.
Utanlandske sjukehuslegar har lært at pasientane kan ha vondt i både brystet, skuldra og hofta. Men ofte møter dei pasientar som i staden har ilt i bringa, åksli og mjødni. Det kan gå på helsa laus.
Publisert: 10.11.2024 kl 12:05
Sander Elias Andersen (23) har for litt sidan fått urframført eit nytt verk han har arbeidd med: Von og Minne. Dette vart framført av Trondheim Symfoniske Operakor i Melhus kyrkje, der han sjølv er aktiv.
Publisert: 08.11.2024 kl 10:47
Ein ørsting i 40-åra er dømt til samfunnsstraff i 60 timar for brot på straffelova og våpenlova.
Publisert: 08.11.2024 kl 10:46
Ein 60 år gammal mann er frifunnen for å ha framsett drapstrugslar mot ei ukrainsk kvinne på ein butikk i Volda i juni.
Ni av ti tilsette ved universitet og høgskular er uroa for at nedskjeringane dei no opplever vil gi redusert undervisningskvalitet for studentane, viser ei fersk undersøking frå Forskarforbundet.
Publisert: 10.11.2024 kl 09:31
Like før kl. 03 natt til søndag, fekk politiet inn melding om at det hadde blitt utført grov vald i Vanylven.
Publisert: 09.11.2024 kl 17:05
Onsdag vart det arrangert jobb- og opplæringsmesse i flatsalen på Ørsta kulturhus. Her var mange bedrifter og opplæringskontor klare til å ta imot ungdommen. Nav Ørsta-Volda og Nav Møre og Romsdal var arrangørar. På messa inspirerte ørstingen Celine med si alternative utdanningsrute.
Dei siste åra har det vore eit uttalt målt å redusere feittinnhaldet i kjøt frå både svin, sau og storfe. For svin og sau har slankekuren lukkast. Storfeet har derimot gått på ein smell.
Publisert: 08.11.2024 kl 09:17
Volda kommune har ingen eksakte tal på kor mange som nyttar seg av tilbodet, men fortel at badstova har vore veldig populær.
Publisert: 08.11.2024 kl 09:16
Kommunestyret i Ørsta har varsla oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunns- og arealdel, og sendt planprogram for arealdelen på høyring. Volda kommune er invitert til å kome med innspel, og administrasjonen meiner ein skal gripe denne sjansen.
Volda kommune håper å tene kring 100 millionar kroner på avhending av eigedommar ein ikkje har bruk for i løpet av dei neste fire åra.
Publisert: 09.11.2024 kl 05:00
Når kalenderen viser november er det tid for årets marknad på Fyrlykta kulturhus i Dalsfjorden. Då fyllest lokala av heimelaga mat, verktøy, knivar, kunst og handverk. Og folk strøymer til både frå nærområda og av dei som må ta ferje eller køyre tunnel.
Publisert: 08.11.2024 kl 17:05
Rundt påske fekk Bente Mork ein livsendrande beskjed – ho hadde brystkreft.
Publisert: 08.11.2024 kl 16:15 - Oppdatert: 08.11.2024 kl 17:12
Politiet melder at eit barn er påkøyrt i Ørsta sentrum. Naudetatane er på veg til staden.