Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 27.05.2016 kl 13:01
Volda-ordførar Jørgen Amdam skildrar alternativa som er lagt fram av Høgskulen, som «vanskelege». – Vi utelukkar ikkje vidare samtalar, men Steinrøysa er no den mest aktuelle plasseringa for ny idrettshall.
Publisert: 27.05.2016 kl 07:00 - Oppdatert: 27.05.2016 kl 09:29
Volda-damene er ute av NM etter 0-4-tap for Molde. Les kampreferat frå Knut Hagen her.
Publisert: 26.05.2016 kl 18:00
Med kompakt treffområde, gode vêrmeldingar og nytt tidtakarsystem har Amcar Ørsta/Volda stor forventningar til årets Sunnmørstreff.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 26.05.2016 kl 13:00
Direktør ved Høgskulen i Volda, Jacob Kjøde, seier Høgskulen framleis er open for dialog med kommunen om plassering av idrettshall på høgskulen sitt område.
Publisert: 26.05.2016 kl 07:00
Snart kan du nyte kjensla av fin, ny sand mellom tærne medan du gjer deg klar til å sende av garde volleyballen på Årneset.
Publisert: 25.05.2016 kl 18:00
I helga baud Ørsta og Volda ballettskule på sitt årlege vårshow på Ørsta kulturhus. Med eit dynamisk program, imponerande danseferdigheiter og gjennomførte kostyme vart publikum servert ei framsyning av særs høg kvalitet.
Publisert: 25.05.2016 kl 13:02
Administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre, Hallvard Bjørneset, beskriv bustadsmarknaden i Volda og Ørsta-området som oppsiktsvekkande bra, trass i dei økonomiske vanskane ein ser mange andre stadar.
Publisert: 25.05.2016 kl 07:00
– Dette kan verte eit trekkplaster for heile Volda, seier Askjell Våge, som har forma ut dei førebelse teikningane til «Voldaparken».
Publisert: 24.05.2016 kl 18:00
Laurdag vart det for første gong arrangert folkevogntreff i Ørsta. Med heile 52 frammøtte bilar bobla det over av nostalgi i Vikegata.
Publisert: 24.05.2016 kl 14:04
Politiet etterlyser tysdag ettermiddag ein bil som er stolen i løpet av helga.
Publisert: 24.05.2016 kl 12:10
Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V), meiner at dersom det vert nei til samanslåing mellom Gloppen og Eid, så bør Volda og Eid vere naturlege samtalepartnarar. – Gloppen er førstevalet, men om det vert «nei» så er Volda eit klart alternativ, seier Bjørlo.
Publisert: 24.05.2016 kl 07:00
Det «parkerte pianoet» på Spinneriet i Volda er innvigd. Markeringa skjedde med opningskonsert frå både kulturskuleelevar og profesjonelle pianistar.
Publisert: 23.05.2016 kl 18:00
Det går mot ei opprusting av Botnavegen. Nyleg fekk råka grunneigarar brev frå kommunen med førespurnad om avståing av grunn.
Publisert: 23.05.2016 kl 13:04
Klasse 5a ved Vikemarka skule i Ørsta fekk torsdag sitt fyrste møte med den demokratisk prosessen.
Publisert: 23.05.2016 kl 07:00
Økonomisjef og rådmann i Volda kommune la tysdag fram årsrekneskapen 2015 for Formannskapet. Det viste eit mindreforbruk på nesten 26 millionar kroner.
Publisert: 22.05.2016 kl 18:00
Tinderettleiarar på Sunnmøre har skrive eit brev til Ørsta kommune om prosjektet Hjørundfjordegga.
Publisert: 22.05.2016 kl 15:38 - Oppdatert: 23.05.2016 kl 14:06
Søndag midt på dag, køyrde ein bilførar inn i ein stolpe og hage. Deretter køyrde han frå staden.
Publisert: 22.05.2016 kl 13:00
Ordførar i Stryn, Sven Flo, håper at det vil verte fortgang i prosessen mellom Volda, Hornindal og Stryn no når det er kome ei avklaring mellom Volda og Ørsta.
Publisert: 22.05.2016 kl 15:44 - Oppdatert: 22.05.2016 kl 15:47
Søndag før kl. 12 hadde politiet promillekontroll i Furene, Volda.
Publisert: 22.05.2016 kl 07:00
Den bergensbaserte hovdebygdingen André Innselset, «André Øy», er ute med ny singel. «Popup» er den fyrste kommersielle utgivinga frå 22-åringen. Det er skremmande, seier han.
Publisert: 21.05.2016 kl 18:00
Støtte frå næringslivet og stor dugnadsinnsats har gjeve VTI Allianseidrettslag eit etterlengta nybygg på Volda Stadion.
Publisert: 21.05.2016 kl 13:00
Odd Arne Folkestad tok opp planen Statens vegvesen har lagt fram for ferjekaia i Volda i Formannskapet tysdag. Han meiner planen går alt for langt utanom den dispensasjonen vegvesenet har fått, og vil ha saka opp for Kommunestyret.
Publisert: 21.05.2016 kl 07:00
Jonas Kvalen (23) og Sigurd Van Dijk Festøy (24) er to av dei tolv uttekne i nettotroppen til volleyball-landslaget i helgas EM-kvalifisering.
Publisert: 20.05.2016 kl 18:00
Behandling av restavfall frå Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) har vore ute på anbod, og frå 1. desember i år vil dette avfallet verte køyrt til Statkraft Varme sitt energigjenvinningsanlegg på Heimdal i Trondheim.
Publisert: 20.05.2016 kl 10:47
Ordførarane i volda og Ørsta, Jørgen Amdam og Stein Aam, skiltes som vener etter at folket i kommunane har sagt ifrå at dei ikkje ønskjer ei samanslåing.