Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 17.10.2024 kl 13:09
Sist helg vann Volda med kalassiffer i bortekampen mot Vålerenga, og viste at laget vil kjempe i toppen av 1. divisjon. Denne helga kjem Nordstrand på besøk, eit lag som truleg vil by på langt tøffare motstand.
Publisert: 16.10.2024 kl 12:40
No har Odd Helge Mjellem stor kjærleik for sin vesle Peugeot, men kva bil var det høgskulerektoren debuterte med?
Publisert: 18.10.2024 kl 11:54
Dei seks tiltalte for cannabisplantasjen på Standal har no fått dommane sine.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.10.2024 kl 11:00
Om Volda slår Herd på bortebane i siste seriekamp, vil laget stå for den utrulege prestasjonen å vinne alle kampane sine i årets 4. divisjon.
Publisert: 18.10.2024 kl 08:00
Ørstingen Sigurd Ose slepp første singel frå EP-en sin på fredag 18. Oktober. EP-en er ein heider til bestefaren hans, som døydde for litt sida, og er basert på fire av melodiane hans.
Publisert: 18.10.2024 kl 05:05
– Volda kommune utset oss for eit overlagt maktmisbruk, meiner ein grunneigar i Engesetvegen. Han meiner vedtaket som vart gjort om å stoppe utbetringsarbeidet av dreneringa på eigedomen hans, var ulovleg. Også pålegget han fekk om søknadsplikt.
Publisert: 18.10.2024 kl 05:00
Volda kommune vil vurdere habiliteten sin i samband med spørsmålet om dreneringa ved støyskjermen i Engesetvegen. Statsforvaltaren har bedt kommunen vurdere sin eigen habilitet.
Publisert: 15.10.2024 kl 09:10 - Oppdatert: 15.10.2024 kl 09:17
I dag, tysdag 15. oktober, har utvida avis. Dermed kan du lese e-avisa til Møre gratis. Trykk på linken under.
Publisert: 18.10.2024 kl 06:41
Fredag i 02-tida la politiet ut denne meldinga:
Publisert: 17.10.2024 kl 20:00
Panitta Kristoffersen frå Ørsta opnar i dag Norbiz Asia Matmarknad på Spinneriet i Volda.
Publisert: 16.10.2024 kl 12:38
Det vart høg temperatur då Fylkestinget i Møre og Romsdal skulle drøfte økonomi og innsparingar. FrP, med Frank Sve i spissen, hadde på førehand varsla at partiet korkje ville vere med på auka ferjeprisar eller kutt i vidaregåande opplæring.
Publisert: 17.10.2024 kl 14:53
Volda Næringsforum arrangerte også i år den årlege ringedugnaden for næringslivet i Volda, til inntekt for TV-aksjonen.
Publisert: 17.10.2024 kl 17:00
26. september er Den europeiske språkdagen. I Ørsta vart han i år markert den 27. september. Då inviterte Ørsta ungdomsskule, Ørsta mållag og Ørsta folkebibliotek til ei samling på biblioteket.
Volda kommune innførte eigedomsskatt på 2 promille i 2014. Neste år kan skatten auke til 4 promille, og administrasjonen ser det som lite truleg at skatten kan trappast ned i kommande økonomiplanperiode.
Publisert: 17.10.2024 kl 11:40
Høgre-leiar Erna Solberg er i Volda for å vitje Furene AS. – For Høgre er det gjevande å sjå, lære og diskutere korleis vi kan sørgje for at fleire kjem seg ut i arbeid og utdanning, seier den tidlegare statsministeren.
13 år gamle Alexander frå Volda Ørsta Sjakklags Ungdom sikra seg tittelen som kretsmeister i sjakk på laurdag.
Publisert: 16.10.2024 kl 13:10
Egil Olsen møtte både kjærleiken og lyktestolpen i sin første bil. Som mange andre ørstingar starta han bilkarrieren si som rånar.
Publisert: 17.10.2024 kl 05:05
– Det er interessant å sjå at dei eldste elbilistane i større grad opplever at elbillivet er problemfritt, enn dei yngre, seier Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforeining i ei pressemelding.
Publisert: 16.10.2024 kl 23:25
Torsdag: I 20.30-tida melde politiet om ein bil som hadde køyrt ut av vegbana og fekk eit lite kjekt møte med ein fortauskant, ved Cirkle K i Ørsta.
Publisert: 17.10.2024 kl 05:00 - Oppdatert: 18.10.2024 kl 09:37
Aller første bilen til Ørsta-ordførar Per-Are Sørheim vart det spelt mykje bra musikk i, og han fortel om korleis bilpreferansane har endra seg sidan han var fersk sjåfør.
Publisert: 16.10.2024 kl 17:05
Slik samanfattar Sina Digernes Aarskog og Andrine Falch turen til London saman med Ørsta og Volda Ballettskule i haustferien. London-turen har vore tradisjon i snart 20 år, med tur kvart andre år til tjukkaste down-town London for å danse, vere turistar, gå på musikal, bli inspirert og...
Publisert: 16.10.2024 kl 14:40
– Det er gjort over 7.000 dugnadstimar og samla inn millionar til vedlikehald og opprusting, seier Foreininga Grobygget, som reagerer sterkt på at bygget er hamna på kommunen si liste over moglege salsobjekt.
Publisert: 16.10.2024 kl 17:00
«Mi beste biloppleving» seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen om sin aller første bil. Les vidare for å høyre om bilen med mange gode og uheldige minne.
Publisert: 16.10.2024 kl 15:25
Siem Offshore Rederi AS har tatt Brunvoll Volda AS til retten i ei tvistesak.
Publisert: 16.10.2024 kl 12:45 - Oppdatert: 16.10.2024 kl 14:31
– Tvist om oppgjer for eit større oppdrag, leia til konkurs i Fjell og Graveservice AS i Ørsta, opplyser bustyrar Jørund Knardal til Møre.