Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 12.09.2024 kl 08:55
Mangel på spesialistar ved Ålesund sjukehus, vil truleg få konsekvensar for brystkreftkirurgien i Møre og Romsdal. Pasientar kan bli sende til Trondheim.
Publisert: 12.09.2024 kl 08:56
Den offentlege tannhelsetenesta har fått eit lovpålagd ansvar for ein større del av innbyggjarane. No varslar fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal at det må gjerast tiltak for å handtere auken i talet på pasientar.
Publisert: 13.09.2024 kl 13:02
Det vert manuell dirigering på dagtid langs fylkesveg 653, mellom Selvågtunnelen og Haddal dei komande vekene. Årsaka er vegarbeid.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 13.09.2024 kl 08:35
Hausten har gjort sitt inntog, og vinteren er på veg.
Vanylven kommune deler ut gratis viltband til alle innbyggjarane sine. Bandet skal vere til hjelp både for bilistar og for viltnemnda, når uhellet først er ute og ein har køyrd på hjortevilt. Brannsjefen i Vanylven meiner at fleire andre kommunar bør følgje etter.
Volda Ørsta Sjakklag sette i gong sjakkhausten med hurtigsjakk denne veka.
For åttande året på rad arrangerer KFUM Volda Volleyball eliteturnering for dei beste laga i Noreg.
Publisert: 12.09.2024 kl 08:54
Vanylven Legesenter har innført timebestilling via «HelsaMi», som er ein del av Helseplattforma, melder Vanylven kommune på sine heimesider.
Publisert: 12.09.2024 kl 16:25
Ørsta kommune må betale nær 82.000 kroner til ein innbyggjar etter ærekrenkjande påstandar.
Publisert: 12.09.2024 kl 15:32
Det vart mange mål mot slutten av kampen då Volda og Ørsta møttest til lokaloppgjer i 3. divisjon damer onsdag kveld.
Publisert: 12.09.2024 kl 12:00
Det vart ein triveleg konsertkveld i Myreløda (Grindaløda) no sist laurdag.
Publisert: 12.09.2024 kl 12:38
Ørsta brann og redning rykker ut til melding om røykutvikling i eit garasjeanlegg i Ørsta.
Publisert: 11.09.2024 kl 16:15 - Oppdatert: 11.09.2024 kl 16:18
Så langt i år har nordmenn svindla forsikringsselskapa for over 200 millionar kroner. Fleire sender inn bilete frå internett for å dokumentere falske skadar.
Publisert: 11.09.2024 kl 10:31
Råd for likestilling av funksjonshemma tykkjer det er positivt med gatemat-arrangement i Volda og Ørsta, men ønskjer eit større fokus på universell tilkomst så alle kan ta del.
Publisert: 12.09.2024 kl 10:34
Ti bilførarar fekk fartsbøter under ein kontroll på Vartdal torsdag formiddag.
Publisert: 09.09.2024 kl 14:25
Høgskulen i Volda har sagt opp den mykje omtala samarbeidsavtalen mellom Avdeling for kulturfag og Sunnmøre Kulturnæringshage, og samstundes krev høgskulestyret attende kr. 400.000 i unytta midlar.
Publisert: 09.09.2024 kl 12:58
Fredag klokka 11:30 var det kafé på Prestegarden. Ein lågterskeltilbod for alle!
Publisert: 10.09.2024 kl 13:11
– Møre og Romsdal er eit førebilete på god tettstadutvikling, meiner dei nasjonale fagmiljøa som nyleg var på studietur i fylket. Fylkeskommunen jobbar for å skape gode bumiljø, levande sentrum med kultur, handel, opplevingar og enkel kvardagslogistikk.
Publisert: 09.09.2024 kl 13:00 - Oppdatert: 09.09.2024 kl 13:01
- I små bygder veks ikkje arbeidsplassane på tre. Ei innstramming eller forbod mot turistfiske vil truge ei livskraftig distriktsnæring, meiner Kjell Arne Steinsvik.
Publisert: 10.09.2024 kl 10:01
Ferjetrafikken på fylkesvegane hittil i år er om lag fire prosent høgare enn i fjor. Det er variasjonar mellom sambanda, der mellom anna stenginga av Trollstigen påverkar.
Publisert: 11.09.2024 kl 11:30 - Oppdatert: 11.09.2024 kl 11:40
Som følgje av stengt E6 i Ringebu er det planlagt at linje VY146 og linje VY148 vil køyre med omkøyring mellom Lillehammer og Vinstra i den perioden vegen er stengt. Forseinkingar kan førekome som følgje av omkøyringa.
Publisert: 10.09.2024 kl 11:35 - Oppdatert: 10.09.2024 kl 11:42
Barn som ser på skjerm i matpausane på skulen blir overstimulerte og gløymer å ete, meiner fleire helsesjukepleiarar. Dei ønskjer å fjerne skjermbruk frå matpausar på norske skular.
Publisert: 11.09.2024 kl 05:05
Entreprenørverksemda Aurstad i Hovdebygda, la bak seg eit godt driftsår i fjor, og ser lyst på marknadsutsiktene. Selskapet Aurstad Tunnel AS hentar inn dei store pengane, med driftsinntekter i fjor på 444 millionar kroner.
Publisert: 09.09.2024 kl 12:54
Grete Bjørdalsbakke sette ny norsk rekord i kule i veteranklassen K60-64 då ho støytte gode 9,93 meter med 3 kg-kula på kaststemnet på Ørsta stadion 5. september.
Publisert: 10.09.2024 kl 17:05
Gjennom programmet ReStart skal ukrainske kvinner med innovative forretningsidear lære alt dei treng for å etablere bedrift i Noreg. Kurstilbodet vert gratis, og no søkjer ein motiverte kandidatar.