Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 17.07.2024 kl 12:00
Signy Ryste frå Hovdebygda har runda 80, og ei av gåvene ho fekk på dagen, var ei gratis omvising på Austefjord Museum. Ikkje berre for seg sjølv, men for heile storfamilien.
Publisert: 25.07.2024 kl 04:55
Folkehelseinstituttet (FHI) rapporterer at det er auke i tilfelle av kikhoste, og situasjonen vert vurdert som eit nasjonalt utbrot grunna auken i smittetilfelle over fleire månader.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 31.07.2024 kl 05:01
Debutromanen «Utveg» set Erling Westgaard Flote på kartet som forfattar. Læraren med røter frå Folkestad deler tankar om forfattarlivet og inspirasjon frå oppveksten.
Publisert: 17.07.2024 kl 05:00
Tysdag og torsdag førre veke inviterte Ørsta frivilligsentral, Ørsta Småbåtlag og Ørsta Røde Kors til open dag på småbåthamna. Det vart ein suksess.
At verda blir varmare, betyr slett ikkje meir sol og klarvêr i åra framover. Klimaforskar Reidun Gangstø forklarar kvifor me i staden har bøttevis med meir regn i vente.
Publisert: 16.07.2024 kl 18:00
Energiforbruket ved Høgskulen i Volda (HVO) held fram med å gå ned, og nådde eit førebels botnpunkt i 2023. Det viser klima- og miljørapporten for HVO.
Publisert: 16.07.2024 kl 12:00
Statens vegvesen melder at Fv. 5894 Fremmerlida i Volda – Raudegrova i Ørsta, vert stengt på grunn av vegarbeid på dagtid tysdag-fredag denne veka (16.07.2024 til 19.07.2024).
Skiftande vêr og nedbør vil prege store delar av landet denne veka. Torsdag og fredag blir det moglegheiter for sol.
Publisert: 16.07.2024 kl 11:43
Skodda gav forseinka og innstilte fly frå Ørsta Volda lufthamn Hovden tysdag føremiddag.
Publisert: 16.07.2024 kl 05:00
Onsdag inviterte Volda Bygdetun og Husflidslaget til ein tradisjonsdag på Haualeite i regi av sommarprogrammet til Volda kommune.
Kristine Bleikli har gått ein uvanleg veg frå planlegging til prestekjole. No er ho nyvigsla prest, fersk huseigar og klar for ein sommar utan ferie.
Publisert: 15.07.2024 kl 18:00
Styret i Volda Ørsta reinhaldsverk (VØR) ber no eigarkommunane mellombels utvide ramma deira for likviditetslån etter at dei har hamna i ein akutt utfordrande situasjon.
Indiefjord-festivalen forvandlar den idylliske bygda Bjørke til eit pulserande kultursentrum på nokre timar. Sjølv om du kjem åleine, vert du raskt ein del av den fleirkulturelle fellesskapen.
Publisert: 15.07.2024 kl 12:00
Heilt nydeleg stemning, strålande sol og fantastisk musikk prega Jallakoff-festivalen i helga. Festivalen, som starta under korona, har trekt til seg musikkelskarar frå fjern og nær.
Publisert: 15.07.2024 kl 09:28
Laurdag gjekk det eit steinras på fylkesveg 5829 mellom Grodås og Otterdal, som isolerte den vesle bygda.
Publisert: 15.07.2024 kl 05:00
To grunneigarar på ei av bygdene i Volda kommune har no fått kvart sitt varsel om pålegg om opprydding og tvangsmulkt etter forureiningslova.
Fleire har gjennomført teoriprøva i år enn i fjor, men nesten halvparten fekk strykkarakter.
Publisert: 14.07.2024 kl 18:00
Både hogsten og tømmerprisane held fram å stige. Innmålt volum etter fyrste halvår viser at avverkinga så langt i år er på 6,4 millionar kubikkmeter tømmer, og det er 0,4 millionar kubikkmeter høgare enn på same tidspunkt i 2023.
Det er høgsesong for norske jordbær, og vi fyller gladeleg handlekorga med dei raude, søte freistingane. Og i éin landsdel vert det kjøpt ekstra mykje jordbær.
Publisert: 14.07.2024 kl 12:00
Høgskular i distriktet har mindre effekt på lokalsamfunnet enn venta, kjem det fram i ny forsking.
Sjølv om prisen på plastposar har stige fleire gonger, kjøper nordmenn framleis langt fleire plastposar enn svenskane og danskane.
Publisert: 14.07.2024 kl 05:00
RG Eiendom AS er eitt steg nærmare å realisere prosjektet Ørsta Marina Terrasse, og til hausten kjem leilegheitene ut for sal.
Steinsvik Olivine opplever seg truga til å asfaltere 5.000 kvadratmeter anleggsveg, og varslar rettslege steg mot Volda kommune om tiltaket ikkje har effekt. Kommunen hadde sett frist til 1. juli i år, før dei på nytt ville ta i bruk tvangsbøter.
Publisert: 13.07.2024 kl 18:00
Mattilsynet har sagt ja, fiskeridirektoratet seier nei. Dei rår ifrå at Ode får etablere ein ventemerd for torsk på Vartdal.