Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 15.06.2024 kl 05:00
Volda kommune gav i januar Steinsvik Olivine AS utsett frist til 1. juni med å asfaltere ein del av anleggsvegen, men dette vart ikkje gjort i tide. No vil kommunen drive inn tvangsmulkta.
Ei ny sykkelløype på Volda skisenter er under produksjon. Anders Eidså frå Bratt Sykkelklubb fortel at dei har planar om bruk av skitrekket og området til sykkelaktivitet når der ikkje er skiføre.
Publisert: 14.06.2024 kl 18:00
Mai månad var tidenes beste for Ørsta-Volda lufthamn Hovden. Flyplassjef Svein-Arne Vik er godt fornøgd med ein auke i trafikken på nesten 40 prosent frå fjoråret.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
FAU ved Øyra skule ønskjer lik behandling av alle i Voldaskulen, slik at alle yrkesgrupper får betalt lunsj.
Publisert: 14.06.2024 kl 16:00
Kjell Nordstrøm, kjend som «maske-meisteren» og som designa alle masker og kostyme for Maskorama, kjem neste veke til Volda i eit spesielt ærend.
Publisert: 14.06.2024 kl 14:59
Odd Erik Hovden er tilsett som ny dagleg leiar i selskapa til Norhus. Han har jobba i selskapet sidan 2008, og har hatt hovudansvar for sal.
Publisert: 14.06.2024 kl 12:00
Tysdag kveld kunne ein observere brannbilane til Volda brann og redning rundt om kring fleire plassar i Volda. Heile brannstyrken var samla for å gjere seg kjent med ulike bygg som har automatiske brannalarmar.
Meteorologane melder sol og temperaturar kring 20 grader på fredag og laurdag. Frå søndag av blir det regn og litt kjøligare.
Publisert: 14.06.2024 kl 05:00
Trass i at tertialrapporten viser mindreforbruk i alle sektorane, og Volda kommune kan sette av midlar til fond, står sektorane likevel framfor store innsparingstiltak i åra som kjem.
Volda kommune ligg med eit mindreforbruk på 29,8 million etter første tertial. 7,4 millionar kroner av desse er knytt til finans, og vil verte regulert i budsjettet. Sektorane ligg med eit mindreforbruk på 22,7 millionar kroner.
Publisert: 13.06.2024 kl 18:00
Volda formannskap diskuterte tysdag kommunen sitt vidare engasjement knytt til Aasenkvartalet. Ein ny kultursal kan verte realisert her.
Statsforvaltaren i Trøndelag har sagt eit endeleg nei til bygging av dagsturhytte der heimevernshytta stod på Leknesnakken.
Publisert: 13.06.2024 kl 13:01
Volda kommune har teke på seg å få utarbeidd ein kommunedelplan for bru over Voldsfjorden, men har møtt økonomiske humpar på vegen.
Publisert: 13.06.2024 kl 12:59
Volda kommune og fylkeskommunen har hatt møte om ny Fv. 60 i Hornindal, og gjort ein del avklaringar kring reguleringsplanen. Kommunen ønskjer også at fylkeskommunen ser på moglegheita for næringsareal langs den nye vegen.
Publisert: 13.06.2024 kl 05:00
Sølve Rydland og BA får Noregs Mållag sin Målblome for å gje nynorsken større plass i ei avis og ein by som er dominert av bokmålet.
Publisert: 13.06.2024 kl 07:05
Onsdag kveld stoppa Utrykkingspolitiet eit vogntog under ein kontroll i Volda. Føraren vart meld og fekk førarkortet kverrsett etter mistanke om ruskøyring.
NRK Møre og Romsdal melder at dei tre personane som er fengsla for narkotikaproduksjon på Standal i Ørsta kommune, har fått forlenga varetektsfengslinga med åtte veker.
Publisert: 12.06.2024 kl 18:00
Konserten til koret Stemt hadde alle stemningar frå smerte og ro til glede og håp. Dei stilte opp på mange ulike måtar og imponerte med sin timing, harmoniar og stemmeprakt.
Under Festspela møttest Jørgen Noreng, kjent frå gruppa Tungtvann, og Runar Gudnason frå SideBrok og snakka om dialekt og heimstad i rap. Samtalen vart leia av Olav Øyehaug Opsvik.
Publisert: 12.06.2024 kl 14:47
- DSB burde ha ein «Post-it»-lapp med «HUGS NYNORSK» ved sida av den store raude knappen, seier påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Sebastian Natvik, etter at nødvarsel-testen vart sendt ut på bokmål.
Publisert: 12.06.2024 kl 12:00
– Det er ei merkeleg avgjerd, seier Rune Hovde, rektor ved Møre Folkehøgskule i Ørsta.
Politiet melder at det brenn i ein traktor som står på eit jorde i Brunevegen i Ørsta.
– Mork barnehage ynskjer å arbeide for eit inkluderande leike- og læringsmiljø. Difor har vi fokus på Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK) i Mork barnehage.
Publisert: 12.06.2024 kl 05:00
Ørsta kommune krev erstatning frå konsulentfirmaet som stod for prosjekteringa av grunnarbeidet på Melsgjerdet.
Det blir fleire skifte i leiarstillingane i Oppvekst, kultur og inkludering i Ørsta kommune til hausten.