Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 27.05.2024 kl 18:00
Dei varme temperaturane vil halde fram denne veka ifølgje meteorologane. Varslinga er likevel at det vil verte gråare, og litt våtare, frå onsdag av.
Publisert: 27.05.2024 kl 22:05
Ein bil fekk store materielle skadar etter å ha køyrt av vegen ved Slagnes i Vanylven.
Publisert: 27.05.2024 kl 15:35
Ørsta Næringskontor melder at det ikkje vil bli arrangert Saudehornet Rett Opp i år.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 27.05.2024 kl 12:00
Det var perfekte forhold på Botnasanden søndag, med om lag 27 grader i lufta og svak bris. Mange synest nok dette var litt i varmaste laget, og det var difor godt å få kjøle seg av i vatnet. Badeplassen var ganske full, og ein måtte parkere langs vegen for å få plass. Dette var i 15-tida.
Fleire stader vart det sett varmerekordar for mai søndag, og 2018-rekorden for varmaste mai på landsbasis kan bli slått.
Publisert: 27.05.2024 kl 05:00
VTI Symjing arrangerer intensivt symjekurs for at fleire born og unge skal vere symjedyktige før ferien.
Laurdag 1. juni er det igjen duka for Voldafestivalen, arrangert av elevar og tilsette ved Volda læringssenter.
Publisert: 26.05.2024 kl 18:00
Ein kattekjøpar som kjøpte katten sin hjå ein oppdrettar i Ørsta, har vunne fram med krava sine i Forbrukarklageutvalet. Seljaren er pålagd å betale 9.861 kroner til den aktuelle kjøparen.
Stortinget vedtok torsdag at kundar i Noreg skal ha rett til å betale med kontantar.
Publisert: 26.05.2024 kl 15:50
For fjerde gong vart det arrangert halvmaraton på Vartdalsstranda. Ein kunne delta både i krinsmeisterskap og vanleg halvmaraton. I tillegg var det 10 kilometer og eit nytt barneløp.
Publisert: 26.05.2024 kl 12:00
Strålande sol, god stemning, grilling og vassaktivitetar var nøkkelord då Ammy Bolme, tidlegare leiar i Studentparlamentet, fekk æra av å klippe snora til eit flunkande nytt naust ved Rotevatnet!
Ei ny undersøking viser at 70 prosent av befolkninga er for å innføre ei 15-årsgrense for sosiale medium.
Publisert: 26.05.2024 kl 05:00
Onsdag 29. mai held folkedans- og folkemusikkgruppa Øyrafolk open øving på Volda kulturskule, og alle som vil er velkomne til å vere med i dansen og songen!
Publisert: 26.05.2024 kl 10:20
Politiet måtte rykke ut til ein utestad laurdag kveld, og ei bedrift natt til søndag.
Stiftinga Viti arbeidar med forskings- og dokumentasjon på den nyleg avvikla pelsdyrnæringa på Sunnmøre. No er filmen og konferansebidraget om Øye i Hjørundfjorden publisert på den internasjonale nettstaden til ICAMT.
Publisert: 25.05.2024 kl 21:15 - Oppdatert: 27.05.2024 kl 10:39
Kl. 2014 gjekk politiet ut med melding om ei trafikkulukke i Skjåstaddalen. Ein bil og ein person er innblanda i ulukka.
Publisert: 25.05.2024 kl 18:00
Korleis skal Volda kommune prioritere klima i eit stramt budsjett? Og kva tiltak er viktig å prioritere i åra framover?
Ørsta kommune har signert kontrakt for opparbeiding av uteområdet ved Velle skule med Volda-verksemda Tilseth AS.
Publisert: 25.05.2024 kl 12:00
Volda formannskap vil at kommunen deltek aktivt i arbeidet med å greie ut moglegheit for, og konsekvensane av, etablering av eit aksjeselskap som løysing for eitt samla regionmuseum på Sunnmøre.
Åtte fjerdeklassingar frå Volda har laga podkastar med barneboktips saman med Nynorsksenteret. Målet med prosjektet er å skape leselyst og leseglede.
Publisert: 25.05.2024 kl 07:11
Fredag kveld vart det meldt om ulovlig droneflyging i Ørsta.
Publisert: 25.05.2024 kl 05:00
SOI ONE som allereie serverer thailandsk gatemat i Ålesund og i Langevåg, ynskjer seg til Volda. – Men føresetnaden er at vi klarer å skaffe dei folka vi treng, seier initiativtakar André Skåre.
500.000 menneske er registrerte i det norske båtførarregisteret, opplyser Sjøfartsdirektoratet.
Publisert: 24.05.2024 kl 20:55
Volda toppar 4. divisjon etter seks sigrar på rad før bortemøtet med Stranda fredag kveld. I Ørsta er det naboduell mellom Ørsta og Hovdebygda.
Publisert: 24.05.2024 kl 18:00
Tidlegare i vår vart det gjennomført strandryddeaksjon i Eiksund-området. To av dei som deltok, var musikarane Robert Løkketangen og Hans Robert Bondhus i gruppa Thermistor. Med utgangspunkt i noko av det som vart samla inn, inviterer tonehimmel-festivalen til konsert i samarbeid med Runde...