Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 01.05.2024 kl 16:00
Kasia Koniorczyk er ein polsk internasjonal mediestudent, som bur og arbeider i Volda. Ho kom som internasjonal utvekslingsstudent med Erasmus i 2023, og enda opp med å arbeide ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 01.05.2024 kl 13:00
– Vi har nok ikkje full kontroll på bruken, men vi prøver å ha så god kontroll som mogleg. Det er ikkje opna for foreldrestyring, skriv ordførar Sølvi Dimmen i sitt svar knytt til bruken av nettbrett i Voldaskulen.
Publisert: 01.05.2024 kl 11:00
Transporten skal byrje i veke 20, og transportøren har som målsetjing å vere ferdig i veke 23.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 01.05.2024 kl 05:00
På besøk til Volda vart fotballpresidenten, Lise Klaveness, positivt overraska over VTI si kvinnesatsing.
Publisert: 01.05.2024 kl 07:00
KFUM Volda Volleyball sitt herrelag er klare for spel i 1. divisjon etter at dei gjekk til finale i kvalifiseringsspelet, som vart spelt mot UiSI (Universitetet i Stavanger Idrettslag).
Publisert: 30.04.2024 kl 18:00
Volda kommune vil ha innspel på namn på det nye symjeanlegget, og lyser ut ein namnekonkurranse.
Publisert: 30.04.2024 kl 20:00
Laurdag 11. mai er det felles konfirmasjon for Ørsta og Volda Misjonsforsamling, Pinsekyrkja og Frikyrkja.
Publisert: 30.04.2024 kl 16:00
Her kan du lese biskopen sitt visitasføredrag som ho heldt på Uppheim 28. april, etter visitas i Austefjord, Dalsfjord, Hornindal, Kilsfjord, Storfjorden og Volda 20.-28.04.24.
Publisert: 30.04.2024 kl 15:36
Isen på Rotevatnet samla seg i osen ved Volda stadion, noko som betyr ein god sommar. Om det er det eller klimakonsekvensar som er grunnen til varmegradene vi får oppleve no, er uvisst.
Publisert: 30.04.2024 kl 14:00
No er vakre våren her og tid for konfirmasjonstid i sokna våre. Vartdal sokn var i tradisjonen tru først ute med konfirmasjon 28. april. Deretter kjem konfirmasjonane i Hjørundfjord og Ørsta sokn, og listene finn du her og på nettsidene til kyrkjene i Ørsta.
Publisert: 30.04.2024 kl 12:00 - Oppdatert: 30.04.2024 kl 13:28
Erfarne og nye hesteeigarar fekk vist fram dei unge hestane sine i Ørsta laurdag.
Publisert: 30.04.2024 kl 10:59
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre opnar kontor i «Gamlebanken». – Det er stas å flytte «heim», seier dagleg leiar Arne Lothe.
Publisert: 30.04.2024 kl 07:00
Denne vinteren har seks deltakarar vore på båtbyggjarkurs på Bjørkedalen. Kurset «Få skog til seglande båt» er del av prosjektet Bjørkedalsbåten – bygging og bruk. Læremeistrar på kurset har vore brørne Jakob, Ottar og Dag Inge Bjørkedal. Deltakarane kom frå Bjørkedalen,...
Publisert: 30.04.2024 kl 05:00
Det var stor aktivitet på fotballbanene til Volda TI-Fotball søndag. Øyvind Kvernen frå Hverdagstreneren var på besøk. Borna fekk både sykle og springe, og fekk godteri og medaljar for innsatsen.
Publisert: 29.04.2024 kl 20:00
7.–8. juni har du sjansen til å høyre det norsk-islandske bandet MAK på Trandalrock for første gong. Dei er eit lokalt band som har vore aktive på scenene i Volda og Ørsta sidan 2022.
Publisert: 29.04.2024 kl 18:00
Etter uavgjort til pause vart det stolpe ut både på skot og straffekast for Volda, som til slutt tapte 26-19 mot Follo. – Det er ikkje sju mål forskjell på laga. Dette tek vi på heimebane!, seier Volda-trenar Reidar Møistad.
Publisert: 29.04.2024 kl 16:00
Det var rom for både tårer og latter då Volda Demenskor hadde sin første opne konsert. Volda og Ørsta korskule deltok også.
Publisert: 29.04.2024 kl 13:00
I år vart det ikkje arrangert UKM i Volda. Men staben frå ungdomsklubben Kaihuset med UKM-koordinator Rebecca Riise Bjerkvik i spissen laga eit flott arrangement som også voldingane fekk delta på.
Publisert: 29.04.2024 kl 12:20 - Oppdatert: 29.04.2024 kl 12:23
Kl. 10.50 måndag oppheva politiet evakueringa av dei to husa i Hovdebygda.
Publisert: 29.04.2024 kl 10:10 - Oppdatert: 29.04.2024 kl 12:23
Ørsta kommune har sendt bilete til NVE frå området der eit hus flytta på seg i Hovdebygda. – Dei vil sende ein geoteknikar til staden for å gjere vurderingar før politiet eventuelt kan oppheve evakueringa, seier ordførar i Ørsta kommune, Per Are Sørheim.
Publisert: 29.04.2024 kl 11:01
Måndag formiddag har politiet hatt promillekontroll på E39 i Ørsta.
Publisert: 29.04.2024 kl 09:58
Laurdag var det Liljabasar på Volda bedehus. Pengane som vart samla inn går til reint vatn, helsehjelp og utdanning i Aust-Afrika.
Publisert: 29.04.2024 kl 05:00
Volda Rotary brettar opp ermane for ein vårdugnad, og byggjer sauna ved gjestehamna i Volda.
Sist helg var det prisutdeling i regi av den prestisjetunge fototevlinga FEP Award, og fotograf Ma Ortiz frå Ørsta enda opp på ein 6. plass. Ho henta også heim ein bronse i Noregsmeisterskapen, i tillegg til fleire heiderlege omtalar.
Publisert: 28.04.2024 kl 17:15 - Oppdatert: 28.04.2024 kl 18:56
Volda Handballklubb tapte den første opprykkskvalifiseringskampen til Rema 1000-ligaen. Etter uavgjort til pause vart det stolpe ut både på skot og straffekast for Volda som til slutt tapte 26-19.