Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 15.12.2023 kl 15:30
I dag er siste dagen ein kan levere eit bidrag til juleglede. Nyleg fekk organisasjonen ei gåve frå Norwegian Group med at dei tek alle ønskjer som er igjen på juletreet og bidreg med julemat og gåvekort.
Publisert: 15.12.2023 kl 15:00
Søndag er det klart for storkamp i Volda campus SpareBank1 arena når Volda Handballklubb tek imot Flint-Tønsberg. Før kampen ligg Volda på andreplass, poenget framfor Flint.
Publisert: 15.12.2023 kl 13:00
Dei tilsette ved Volda sjukehus reagerer med sjokk og vantru etter at Helse Midt-Norge onsdag vedtok å innføre Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal frå april.
Publisert: 15.12.2023 kl 10:51
Studentsamskipnaden i Volda har torsdag vedteke å fryse husleiga til studentane. Med dagens økonomiske situasjon håper dei dette kan vere med på å lette studentkvardagen i Volda.
Publisert: 15.12.2023 kl 09:50
Yr.no varslar betydeleg snøskredfare på Sunnmøre frå fredag 15. desember og framover.
Publisert: 15.12.2023 kl 10:08
23. november sende Møre og Romsdal politidistrikt ut ei pressemelding om at det var beslaglagd falske pengesetlar og at desse kunne vere i omløp. Vidare etterforsking har no vist at setlane er ekte.
Publisert: 15.12.2023 kl 09:25
Ørsta kommune og Romarheim Entreprenør AS har inngått ein forliksavtale i tvistesaka om sluttoppgjeret etter ei grunnentreprisekontrakt på Melsgjerdet næringsområde.
Publisert: 15.12.2023 kl 07:00
Anna Sæbø (17) frå Volda skal spele fiolin saman med Kringkastingsorkesteret. 30 unge strykarar frå Noreg skal gjere dette som ein del av at De unges orkesterforbund er 50 år.
Publisert: 14.12.2023 kl 20:00
Tradisjonen tru vert det på slutten av året heldt avslutning for Ørsta kommune sine nye og komande pensjonistar.
Publisert: 14.12.2023 kl 18:00
Vêrmeldingane syner 18-35mm nedbør i dagane framover noko som kan føre til mykje overflatevatn på grunn av tele i bakken.
Publisert: 14.12.2023 kl 16:00 - Oppdatert: 16.12.2023 kl 08:16
I Rotset barnehage er det tradisjon med ei julevandring med dramatisering av juleevangeliet. Dei tilsette spelar rollene som Josef, Maria, englar og gjetarar medan barna er med på vandringa gjennom julefortellinga.
Publisert: 14.12.2023 kl 15:30
Kommunestyret har godkjent Vegvesenet sitt framlegg til ny reguleringsplan for E39 Volda-Furene. - Dette gir oss moglegheita til å få Voldatunnelen med i komande NTP, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 14.12.2023 kl 13:00
Det vart laga både julekaker, dumplings, papirenglar og dompapar då det var duka for juleverkstad for flyktningar og frivillige på Hornindal barne- og ungdomsskule. 40 store og små var samla i tre timar denne laurdagen, med mål om å bli betre kjende og gjere noko kjekt ilag.
Publisert: 14.12.2023 kl 12:34
Røde Kors Omsorg får Frivilligprisen 2023 for det viktige arbeidet dei gjer i lokalsamfunnet. – Dei gjer Volda varmare og tryggare.
Publisert: 14.12.2023 kl 11:20 - Oppdatert: 14.12.2023 kl 11:40
Musti har no opna dyrebutikk på Øvre Rotset og den første firbeinte kunden var hunden My, som kom saman med eigarane Esther Ose og Johnny Landmark. – Det blir nok ei julegåve på My.
Publisert: 14.12.2023 kl 11:00
Snedige HVO-kollegaer lokka litteraturprofessor Geir Hjorthol til å skrive ein heilt spesiell tekst.
Publisert: 14.12.2023 kl 09:19
Grunneigar Geir Halkjelsvik har søkt Volda kommune om løyve til å rive «Støyperiet». Ei lokal arbeidsgruppe, som har kjempa for å ta vare på bygget, vonar at løpet ikkje er køyrt.
Publisert: 14.12.2023 kl 07:00
Alle dei 14 utstillarane på Julebutikken i Volda sel godt i år, trass i at det er dyrtid.
Publisert: 13.12.2023 kl 20:00
For første gong sidan opninga i 1953 risikerer Anders Svor Museum på Grodås å halde stengt i sommar. Dette vart klart etter at styret i Viti måndag vedtok sitt budsjett for 2024.
Publisert: 13.12.2023 kl 18:00
Edameren som står på bordet ditt under julefrukosten vert berre produsert i Ørsta.
Publisert: 13.12.2023 kl 16:12
Ved Volda sjukehus ynskjer ein no å avgrense talet på besøkjande til medisinsk sengepost for å redusere smittefare.
Publisert: 13.12.2023 kl 15:15
Styreleiar Ingve Theodorsen og administrerande direktør Olav Lødemel er skuffa og overraska over styrebehandlinga i Helse Midt-Norge (HMN) i dag. HMN vedtok at innføringa av Helseplattformen ved sjukehusa i Møre og Romsdal skal følgje tidsplanen med innføring 27. april 2024.
Publisert: 13.12.2023 kl 16:00
Ti år gamle Emrik driv med scooting, triksing med sparkesykkel. Han trener kvart ledige minutt, og gjev seg ikkje før han får det til.
Publisert: 13.12.2023 kl 15:00
I budsjettframlegget i Ørsta er det lagt opp til kutt i barnehage og skule. Korleis kan ein unngå at det treff borna og dei tilsette for hardt? – Dette budsjettet gir null handlingsrom, og tiltaka for å tilpasse drifta til ramma vil merkast, seier kommunedirektøren.
Publisert: 13.12.2023 kl 14:15 - Oppdatert: 13.12.2023 kl 14:15
Etter vedtaket i Helse Midt-Norge onsdag har det kome inn rasande innlegg til Møre. – Dette er ansvarspulverisering sett i system, og set både det lokale helseføretaket og St. Olavs hospital i ein umogleg situasjon, seier Anne-Karin Rime.