Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 26.09.2023 kl 11:37
Møre fekk tysdag føremiddag tips om ei utforkøyring inne på industriområdet i Furene.
Publisert: 26.09.2023 kl 11:00
Hjørdis Almelid Vikenes vart avkrevd full ferjebillett for å hente far sin på ferjekaia i Volda. Det likte ho dårleg. Statens vegvesen har ingen konkret løysing på problemet, men oppmodar bilistar til å halde avstand til ferjebommen.
Publisert: 26.09.2023 kl 10:16
Volda Filmteater hadde opphavleg sett opp ei spesiell framsyning av den nye filmen til Margreth Olin, Fedrelandet, i dag. Filmskaparen skulle sjølv vere til stades under framsyninga i si tidlegare studiebygd. Men slik vert det ikkje.
Publisert: 26.09.2023 kl 07:00
– På litt over eitt år er materialprisane nær halvert, fortel dagleg leiar Rune Koppen i Koppen Industrier AS i Furene i Volda. Etter høge prisar i pandemiperioden, og mange prisjusteringar i fjor, ser det no ut til prisane stabiliserer seg.
Publisert: 25.09.2023 kl 23:37 - Oppdatert: 25.09.2023 kl 23:50
Måndag kveld i 23.20-tida melde politiet om ein bil som hadde hamna i fjellveggen på E39 mellom Hamnen og Kjøs bru i Hornindal. Både ambulanse, politi og Volda brann og redning avdeling Grodås rykte ut til ulukka.
Publisert: 25.09.2023 kl 20:00
Med dei to rekordsomrane 2020 og 2021 friskt i minne, vart oppdragssommaren 2023 ein meir normal sommar. Møre og Romsdal har størst nedgang i talet på oppdrag for Redningsselskapet i sommar totalt.
Publisert: 25.09.2023 kl 18:00
Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU) Ørsta og Volda lokallag er uroa over manglande brukarmedverknad i ei pågåande omorganisering av tenesteleveranse, og ber Volda kommune få prosessen på rett spor.
Publisert: 25.09.2023 kl 16:00
Kvart år skiftar ein halv million bruktbilar eigar. – I jakta på bruktbil kan du kome over heftige luksus- eller sportsbilar til ein overraskande rimeleg penge. Men hadde du ikkje råd til bilen som ny, har du neppe råd til å eige den som brukt.
Publisert: 25.09.2023 kl 15:26
Brudavolltunet slår alle rekordar og sette publikumsrekord i sommar. – Samarbeidet med dei frivillige og Viti har løfta museumstilbodet mot nye høgder, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Publisert: 25.09.2023 kl 15:07
Ulstein Design & Solutions AS har fått kontrakt på å redesigne to plattformforsyningsfartøy, og den 22. september skreiv Fugro kontrakt med Ulstein Verft på ombygginga av Fugro Resilience.
Publisert: 25.09.2023 kl 12:48
I kveld møter Voldadamene Hødd til lokaloppgjer i fylkessluttspelet om opprykk til 2. divisjon.
Publisert: 25.09.2023 kl 09:55 - Oppdatert: 25.09.2023 kl 10:28
Volda Ørsta Sjakklags Ungdom arrangerte Barnas Grand Prix i sjakk laurdag 23. september. Dei unge spelarane viste mykje god sjakk!
Publisert: 25.09.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 25.09.2023 kl 09:51
Laurits Fonn er tilsett som ny ungdomsarbeidar i Frikyrkja i Volda. Han har ansvar for gudstenester for studentar og unge vaksne og anna ungdomsarbeid.
Publisert: 25.09.2023 kl 09:31
Ein bilførar mista førarkortet då Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll ved aurstad på E39 Kvivsvegen.
Publisert: 24.09.2023 kl 20:00
Under den påbegynte renoveringa av Ørsta skisenter si turløype mellom Eitrefjell og Høgstøylen har det synt seg at oppgraderingsbehovet er stort.
Publisert: 24.09.2023 kl 18:00
Fire skular i Volda er no i ferd med å bli Leikepatrulje-skular, og fleire skal det bli. Målet er å få meir leik i friminutta og betre folkehelse.
Publisert: 24.09.2023 kl 16:00
– Vi jobbar heile tida hardt for å bli betre, og vi håper at det er det som har fått opplaget vårt til å auke, seier Tore Aarflot, og sender ei stor takk til abonnentane.
Publisert: 24.09.2023 kl 14:15 - Oppdatert: 24.09.2023 kl 14:17
Voldadamene var klare favorittar før oppgjeret mot bergensklubben Fyllingen i Volda campus Sparebank 1 arena laurdag kveld. Fyllingen sto utan siger etter to kampar sjølv om dei i begge kampane hadde levert godt spel mot to av dei forventa topplaga, Haslum (26-29) og Flint,Tønsberg (29-32).
Publisert: 24.09.2023 kl 13:00
Sjukepleiarstudent Astri Rabben Aam frå Volda er for tida på praksis i Tanzania. Ho fortel om store skilnadar i helsevesenet der kontra heime i Noreg.
Publisert: 24.09.2023 kl 11:00
Ørsta Skisenter ønsker å utvide tilbodet sitt med ein akebakke, og søkjer Ørsta kommune om økonomisk støtte.
Publisert: 24.09.2023 kl 07:00
Det kan verte lite overnattingsplassar å oppdrive for ferierande som vil ha eit glimt av kongelege bryllaupsgjestar i august neste år.
Publisert: 23.09.2023 kl 15:00 - Oppdatert: 25.09.2023 kl 14:47
Volda vann laurdag den viktige kampen mot Førde. Karim Bassam El-khabit vart kampen sin einaste målscorar i det 49. minutt, sjølv om heimelaget skapte mange gode sjansar i første omgang. Andre omgang vart jamnare, men Volda drog i land ein fortjent siger og tok tre særs viktige poeng i kampen...
Publisert: 23.09.2023 kl 20:00
Siste frist for å spreie gjødsel i Volda og Ørsta kommunar var 15. september. Det er likevel mogleg til å få innvilga dispensasjon i særlege høve.
Publisert: 23.09.2023 kl 18:00
Sist veke var naudetatane og representantar frå Fylkeskommunen samla i Ørsta for starte arbeidet med ei ny risikoanalyse for Eiksundtunnelen. – Tunnelen treng oppgradering, og tilfredsstiller ikkje dagens krav, seier brannsjef i Volda, Roy Inge Heltne.
– Skal du varsle om ei hending i ein tunnel, så dropp å bruke mobiltelefonen.