Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 07.09.2023 kl 19:00
Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) vil prioritere vedlikehald av kommunevegane og utbygging av vegar til dei større bustadutbyggingane, som Urbakkfoten og Raudemyrvegen.
Publisert: 07.09.2023 kl 16:55 - Oppdatert: 07.09.2023 kl 16:55
Sisa Invest As har inngått ein avtale om kjøp av selskapet som eig ei 5 mål stor tomt der første byggjetrinn av Aasenkvartalet skal byggjast. Torsdag kom Bjørn Dæhlie, Sivert Dæhlie og arkitekt Thomas Bjørn Marschall til Volda og starta samtalar med potensielle leigetakarar
Publisert: 07.09.2023 kl 16:00 - Oppdatert: 07.09.2023 kl 16:16
Den uvanlege fargen kjem av opphoping av algen morild. Den er heilt ufarleg, men har ein ganske fasinerande eigenskap.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 07.09.2023 kl 13:03
Torsdag kunngjorde finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til Møre, at staten vil vere med på å betale for å få Stad skipstunnel ut på anbod. Kunngjeringa vart offentleg under ein pressekonferanse i Selje.
Publisert: 07.09.2023 kl 11:40 - Oppdatert: 07.09.2023 kl 14:17
Torsdag formiddag fekk Volda brann og redning ein alarm frå kyrkja på Bjørke.
Publisert: 07.09.2023 kl 12:06
Ein sjåfør mista lappen under ein fartskontroll på Grodås torsdag formiddag. Føraren vart målt til 87 km/t i 60-sona.
Publisert: 07.09.2023 kl 12:00
Regjeringa gir Stiftinga Viti 1,5 millionar kroner i ei ekstraordinær løyving til nødvendig vedlikehald i regionmuseet. Det kom fram då finansminister Trygve Slagsvold Vedum møtte museumsleiinga ved Anders Svor-museet i Hornindal torsdag.
Publisert: 07.09.2023 kl 11:00 - Oppdatert: 07.09.2023 kl 12:52
Det har vorte ein kjempestart på hjortejakta i Volda. Kommunen har segla opp som ein stor hjortekommune, delvis fordi Bjørke og Hornindal vart innlemma i kommunen i 2020.
Publisert: 07.09.2023 kl 03:30 - Oppdatert: 07.09.2023 kl 04:46
Natt til torsdag rykte brannmannskap ut til eit hus på Folkestad. Meldingane som først kom inn frå naboar, fortalde om at det var god fyr i det gamle trehuset. Huset var overtent då brannmannskapa kom fram.
Publisert: 06.09.2023 kl 20:00
Vanylven kommune seier opp avtalen om drift av sentralbordet til Volda kommune frå 01.12.2023.
Publisert: 06.09.2023 kl 18:00
Dei fleste har høyrt «Å leve det er å elska», men kva veit folk om mannen bak salmen, som var fødd og oppvaksen i Vassbotnen?
Publisert: 06.09.2023 kl 16:00
Dei har styrt Volda kommune som ordførar og varaordførar den siste fireårsperioden, men går ikkje til val med avtale om vidare samarbeid. Sølvi Dimmen (Sp) og Sverre Leivdal (Ap) kjem likevel med den same lovnaden: trygg og stødig styring. – Tida for dei store investeringane er forbi.
Publisert: 06.09.2023 kl 15:30 - Oppdatert: 06.09.2023 kl 15:32
Ei gruppe japanske forskarar ville lære meir om skriveopplæring med nettbrett, og drog derfor til Høgskulen i Volda.
Publisert: 06.09.2023 kl 14:00
Regjeringa foreslår å løyve kr 120 millionar til ei ny tilskotsordning for meir praktisk og variert læring på 5.-10-trinn. Tilskotet skal nyttast til investeringar i utstyr og læringsarenaer i alle landets kommunar.
Publisert: 06.09.2023 kl 13:00
Møre og Romsdal friidrettskrets tok 3. plass i kretskampen i friidrett for 13-14-åringar med 256,5 poeng tett bak Nord-Trøndelag som hadde 262,5 poeng. Vinnar var Sør-Trøndelag med 298 poeng. Ørsta IL friidrett sine utøvarar var viktige i utøvarar på kretslaget og imponerte med mange...
Publisert: 06.09.2023 kl 11:00
Lokale krefter arbeider sterkt for å få etablert sjukepleiarutdanning ved Høgskulen i Volda (HVO), men det er eit løp i motbakke. Talet på søkjarar til sjukepleieutdanningar er nemleg på rask veg nedover over nær sagt heile landet.
– Vi er for at det vert etablert fleire desentraliserte studieplassar i sjukepleie, seier leiar i Sjukepleiarforbundet, Lill Sverresdatter Larsen.
Publisert: 06.09.2023 kl 08:20 - Oppdatert: 06.09.2023 kl 09:24
Onsdag morgon vart Eksundtunnelen stengt. Etter informasjon som Møre får frå folk i køen, så er det ein buss som har stoppa i tunnelen.
Publisert: 06.09.2023 kl 06:00
– Anders Svor Museum er største kunstskatten i kommunen, og ein må prøve mykje før ein vurderer stenging av museet.
Publisert: 05.09.2023 kl 20:25 - Oppdatert: 05.09.2023 kl 20:46
FrP vart det desidert største partiet under skulevalet i Volda. I Ørsta vart det reine utklassinga og Frp fekk over 50% av stemmene.
Publisert: 05.09.2023 kl 20:00
Ein innbyggjar i Hornindal har sendt krav til Volda kommune om erstatning etter å venta på å bli kopla på kommunal vassleidning sidan 2009. – Kommunen har forståing for at dårleg vasskvalitet går ut over livskvaliteten, men vi kan ikkje sjå at kommunen kan lastast i denne saka, seier...
Publisert: 06.09.2023 kl 09:39
Tysdag like før kl. 19 rykte politiet ut til bråk i eit nabolag i Volda.
Publisert: 05.09.2023 kl 18:00
Frå og med fredag stansar laussalet av VG i Brønnøy kommune. Det same gjeld for fleire delar av Helgeland.
Publisert: 05.09.2023 kl 17:00
VTI Fotball senior herrar kunne endeleg juble for tre poeng etter 4–1 sigeren på bortebane mot Sogndal 2.
Publisert: 05.09.2023 kl 16:30
Volda har opna kvalifiseringsspelet om opprykk til 2. divisjon på beste måte og ligg på topp etter storsigeren mot Træff.