Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 02.07.2023 kl 10:00
Slitasje på vegen i Elvegata på E39 har ført til djupe spor i asfalten. På eitt punkt har kablane for teljing av passerande køyretøy blitt slitne av, medan dei andre stadar ligg ope over vegoverflata.
Publisert: 02.07.2023 kl 06:00
Sofie Kleven (18), frå Folkestad, lev eit aktivt liv. Kvardagen kan likevel vere prega av store smerter, som ho ikkje har fått ein forklaring på.
Publisert: 01.07.2023 kl 22:58
Laurdag kveld melde TV2 at Lars Arne Nilsen har fått seg ny jobb som trenar for den færøyske klubben 07 Vestur.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 01.07.2023 kl 20:00
Det er ein pressa parkeringssituasjon ved Volda sjukehus, og frå 1. september blir det innført betalingsparkering. – Det vil gjere det lettare å regulere bruken, og vi vonar dette vil betre parkeringssituasjonen, seier seksjonsleiar eigedomsdrift ved sjukehuset, Magnulf Gjersdal.
Publisert: 01.07.2023 kl 18:00
Forskingsrådet tildeler nesten ti millionar kroner til forsking på programmering i mattefaget. Forskinga skal sjå på bruken av programmering for å utvikle mattekompetanse i skulen.
Publisert: 01.07.2023 kl 16:00
– Eg trur ikkje det heilt har gått opp for folk kva dette kan bety for Søre Sunnmøre, seier styreleiar i Sparebankstiftinga som skal forvalte milliardar av «arvesølvet» frå Volden og Ørsten Sparebank, og dele ut gåver til allmennyttige formål i distriktet.
Publisert: 01.07.2023 kl 14:00
Barnetrygda aukar med inntil 227 kroner månaden, og tollarane kan krevje blåseprøve av førarar dei stoppar. Desse endringane er verd å notere seg i sommar.
Publisert: 01.07.2023 kl 12:00
Øyraelva er stengt for ordinært fiske i heile den laksevandrande delen fram til 2026. 1. juli opnar elva for fiske av sjøaure fram til 15. august, for første gang sidan 2016.
Publisert: 01.07.2023 kl 10:00
Rune Dimmestøl fungerer framleis som beredskapsheim for den herrelause golden retrieveren som vart funnen på Krøvelseidet nyleg.
Publisert: 01.07.2023 kl 06:00
På kort tid har Brør mat og bryggjeri utvikla seg til å verte ein av dei mest lønsame restaurantane i regionen. – Det handlar nok mykje om at vi er villige til å jobbe hardt og mykje sjølve, seier kokk Vidar Gjersdal Våde.
Publisert: 01.07.2023 kl 00:10 - Oppdatert: 17.07.2023 kl 10:33
Det var stor stemning då Trandal sin bluesfestival gjekk av stabelen.
Publisert: 30.06.2023 kl 22:00
Norske båtfolk brukte fleire milliardar på båtlivet i fjor. Ein stor del av pengane gjekk til dyre gjestehamner. Dette kostar det å legge til kai på gjestehamner i sommar.
Publisert: 30.06.2023 kl 20:00
I helga som var arrangerte Volda rideklubb klubb- og distriktsstemne i dressurriding. Det vart eit særs vellukka arrangement.
Publisert: 30.06.2023 kl 18:00
På vegner av tiltakshavar Statsbygg søkjer Norconsult AS no om rammeløyve for endring av uteområdet aust for Idrettsbygget. Her blir det mellom anna HC-parkeringsplassar.
Publisert: 30.06.2023 kl 14:50 - Oppdatert: 30.06.2023 kl 15:13
Byte ut Sunnmøre med Sørvest-Italia
Publisert: 30.06.2023 kl 14:00
Fotograf Ma Ortiz kan no titulere seg som Qualified European Photographer. – Det er ei anerkjenning som betyr mykje for meg, seier Ma etter å ha motteke gladmeldinga frå den europeiske fagjuryen.
Publisert: 30.06.2023 kl 14:43
Kulturdirektoratet gir regionmuseet Viti svært gode vurderingar for museumsarbeidet i ein ny rapport. Særleg formidling, forsking, utviklingsarbeid og samarbeidet med dei frivillige vert framheva.
Publisert: 30.06.2023 kl 12:00
Sommaren betyr høgsesong for ulykker i trafikken, mange av dei forårsaka av uoppmerksame sjåførar. Likevel meiner dei fleste av oss at vi sjeldan er uoppmerksame i trafikken.
Publisert: 30.06.2023 kl 09:35 - Oppdatert: 30.06.2023 kl 09:39
Marte Jelle har takka ja og er no tilsett som leiar for NAV Ørsta-Volda.
Publisert: 30.06.2023 kl 10:00
Volda kommune har evaluert ordninga med Voldakort til studentar som melder flytting til Volda i studietida. 1.054 studentar har meldt flytting, og kommunen sit att med ei total inntekt på kr. 1 mill. etter tre år. No var tida komen for å anten satse vidare eller leggje ned.
Publisert: 30.06.2023 kl 06:00
– Når ein får til ein samling der alle er til stades heile dagane er det verdifullt. Alle på samlinga har fri frå jobb eller har tatt seg fri frå jobb for å kunne vere med her for å berre fokusere på volleyball, seier Martin Watne Frydnes, assistenttrenar for kvinnelandslaget i volleyball.
Publisert: 29.06.2023 kl 20:00
Klima- og miljørapporten for Høgskulen i Volda (HVO) for 2022 viser at avfallsmengda og energiforbruket har gått ned, men at det har vore ei auke i reiser.
Publisert: 29.06.2023 kl 18:00
Ørsta IL friidrett stilte med 14 utøvarar på dei tradisjonsrike Veidekkeleikane på Lillehammer i helga. Dette er eit av dei store friidrettsstemna i landet, med utøvarar frå aldersklassane 10 år og opp til og med senior.
Publisert: 30.06.2023 kl 16:00
Samtidsmusikkfestivalen Tonehimmel har den siste veka hatt førestillingar og konsertar fleire stadar på Søre Sunnmøre. Søndag formiddag var turen komen til Rotevatnet, der det først var konsert i Stadionparken før turen gjekk vidare til Botnasanden.
Publisert: 29.06.2023 kl 16:00
Tysdag kveld vart ein del av asfalten nedst i Storgata i Volda sentrum frest av entreprenøren NCC, som Volda kommune har rammeavtale med. Når det kjem ny asfalt i gata er framleis uavklart.