Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 31.05.2023 kl 10:28 - Oppdatert: 31.05.2023 kl 11:02
Alle dei tilsette i PE Bjørdal er sagt opp etter konkursen i selskapet. SpareBank1 SMN har overteke varelager, driftslausøyre, maskinar, patent og design.
Publisert: 31.05.2023 kl 11:00
Volda møtte Spjelkavik på Volda Stadion laurdag. Det vart eit tett oppgjer der bortelaget til slutt vann 4–3. Stillinga til pause var 2–2 i ein omgang Vika tok leiinga tidleg, Volda kom attende og bortelaget utlikna.
Publisert: 31.05.2023 kl 06:00
- Med tanke på beredskap vil det beste vere at den ferja som har beredskap heile året ligg i Volda om natta, og at dei to ferjekaiene på motsett side av fjorden ikkje er opptekne.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 30.05.2023 kl 20:00
Måndag 22. mai fekk elevar frå 8.–9. trinn ved Dalsfjord skule ein skuledag dei seint vil gløyme.
Publisert: 30.05.2023 kl 18:00
I september er det kyrkjeval, og 46 personar står til val av leke medlemmar til Møre bispedømeråd. Dei valde vert også medlem av Kyrkjemøtet.
Publisert: 30.05.2023 kl 16:00
Det var fleire gode grunnar til å springe maraton, halvmaraton eller trimløp på Vartdalsstranda laurdag. Ein fekk konkurrert mot seg sjølv og andre, og pengane som kom inn skulle gå til Pusterom på Åse sjukehus som kreftforeininga samlar inn pengar til.
Publisert: 30.05.2023 kl 14:00
I eit halvt år har romma som vart nytta til barnehageavdeling på Hjørundfjordheimen stått tomme. Planen var å pusse dei opp og nytte dei som aldersbustadar. No undrar Alexander Riise Olsen på kva planen er.
Publisert: 30.05.2023 kl 13:35 - Oppdatert: 30.05.2023 kl 13:36
Thomas Haram er tilsett som CEO i Wattn og startar i stillinga i løpet av hausten.
Publisert: 30.05.2023 kl 10:28
- Eg har ikkje trena før løpet. Eg berre hentar fram hjelmen og deltek. Eg er roleg heilt fram til lampene lyser, då får eg eit adrinalinkick, fortel Daniel Bondhus som kom på 2.plass under Street Legal Race i Ørsta laurdag.
Publisert: 30.05.2023 kl 11:00
Vertikal Service AS inngår strategisk rammeavtale med Vestas Northern Europe AS om levering av drift og vedlikehaldstenester for vindturbinar i nord– og sentral Europa.
Publisert: 30.05.2023 kl 06:00
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har vore på inspeksjon hjå Vartdal Gjenvinning. Der vart det avdekt to avvik, og statsforvaltaren gav ein merknad til bedrifta etter inspeksjonen.
Publisert: 29.05.2023 kl 20:00
Ørsta kommune har fått tilskot på 1,8 mill. kroner frå Bufdir til inkludering av born og unge gjennom prosjektet «Alle Med – Ørsta».
Publisert: 29.05.2023 kl 17:00
– Det er sett saman eit program som er ein unik moglegheit for folk å møte den klassiske musikken på ein måte som ein elles ikkje har moglegheita til. Ein får presentert musikkhistoria på ein gjennomtenkt måte med musikarar av høg internasjonal klasse, seier Gunnar Strøm, styreleiar i...
Publisert: 29.05.2023 kl 13:50 - Oppdatert: 29.05.2023 kl 14:52
Søndag kveld i 23.30-tida tok politiet ein mann som vert sett i samanheng med meldingane som kom inn frå Ørsta laurdag. Mannen som luska rundt i Ørsta var innom mange hus og garasjer. Det var publikum som melde om at ein mistenkjeleg mann var på ferde i Solevåg-området, som førte til at...
Publisert: 29.05.2023 kl 14:00
Odd Egil Driveklepp har søkt Volda kommune om løyve til å utøve hobbyen sin som metalldetektor-entusiast på kommunal grunn.
Publisert: 29.05.2023 kl 11:00
Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen, åtvarar om store effektiviseringstiltak ved sjukehusa dersom helseføretaket ikkje går med overskot.
Publisert: 29.05.2023 kl 08:55 - Oppdatert: 29.05.2023 kl 09:40
Søndag morgon i 08-tida segla det heilt nye kystvaktskipet KV Jan Mayen inn Voldsfjorden.
Publisert: 29.05.2023 kl 06:00
Sediment frå Vikeelva dannar ein banke i innseglinga til Ørsta Småbåtlag. Dette gjer slik at seglbåtar har problem med å kome seg inn og ut av hamna. No ber småbåtlaget Ørsta kommune ta tak i problemet.
Publisert: 28.05.2023 kl 19:20 - Oppdatert: 29.05.2023 kl 14:12
Laurdag i 11-tida: Kai-Even Hagen Espelund som bur på Festøya, var den første som fekk besøk av ein mann som bad om vatn. Kai-Even møtte mannen som kom ut Kai-Even si kjellardør. Kai-Even køyrde mannen til Vartdal og oppmoda han om å ta bussen vidare. Etter dette fekk mange besøk av mannen.
Publisert: 28.05.2023 kl 17:00
Volda formannskap hadde nyleg oppe ei sak knytt til tilskot og lån til kjøp av bil for busette flyktningar. Det vart samrøystes vedteke å gå inn for dette.
Publisert: 28.05.2023 kl 11:00
– Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til bruk i skulen må finnast både på nynorsk og bokmål, gjer fleirtalet i komiteen så godt som ingenting for nynorske læringsressursar.
Publisert: 28.05.2023 kl 14:00
I 2016 vart det arrangert «Luftkjølt laurdag» for første gong i gågata i Ørsta. Laurdag 3. juni fyller dei gata igjen med bilar av typen Volkswagen med luftkjølt motor.
Publisert: 28.05.2023 kl 06:00
Khaled Moussa og Izabela Hallmann laga ein TikTok-konto for berre to og ein halv månad sidan, og dei har allereie fått ein stor følgjarskare.
Publisert: 27.05.2023 kl 20:00
Simen Bjørdal vart trommeinstruktør for trommegruppa i Volda skulekorps i september. Det siste året har trommegruppa hatt svært god rekruttering.
Publisert: 27.05.2023 kl 17:00
Ane Aamodt er kampanjeleiar i Redd Barna. Tysdag leia ho ein samtale mellom politikarar i Volda om tema familiefattigdom, der det kom mange forslag til tiltak.