Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 08.02.2023 kl 13:00
Laurdag arrangerte Volda Ørsta Sjakklag Barnas Grand Prix-turnering, med god deltaking. Turneringa vart spela på Volda Sparebank1 Campus Arena.
Publisert: 08.02.2023 kl 12:53
Onsdag var det sterk pålandsvind i Volda sentrum. Dette er med på å forsterke floda, som var meldt å vere 208 cm over sjøkartnull.
Publisert: 08.02.2023 kl 11:00
Leinebris AS har vald Brunvoll for leveranse av ei ny og innovativ framdriftsløysing for sitt nye fartøy. Fartøyet vil verte utrusta med ei rekke nyvinningar frå fleire leverandørar, og vil vere rikka for både line-, garn- og snurrevadfiske.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 08.02.2023 kl 09:05
Audhild Mork blir ny kommunalsjef for helse, omsorg og velferd i Ørsta kommune.
Publisert: 08.02.2023 kl 09:00 - Oppdatert: 08.02.2023 kl 10:54
Ørstasystrene Rita, Tonje og Ronja Aakre har laga ein rappe-låt om jordvern og om det å ta vare på bøndene i Norge. Låten "Ka e det so skjer!!?" blir tilgjengelig på sosiale medier onsdag.
Publisert: 08.02.2023 kl 08:43
Kl. 08.27 melde politiet at E39 på Masdal var opna igjen. Både trekkvogna og tilhengaren er no fjerna.
Publisert: 08.02.2023 kl 09:04
Seks bilførarar fekk forenkla førelegg då UP hadde fartskontroll i Volda sentrum tysdag kveld.
Publisert: 08.02.2023 kl 07:05 - Oppdatert: 08.02.2023 kl 07:19
I morgontimane onsdag tok vinden skikkeleg tak i eit vogntog og bles tilhengaren over autovernet. Dermed er E39 stengt ved Masdal i Ørsta.
Publisert: 08.02.2023 kl 07:00
Kommunalsjefane for oppvekst og helse og omsorg er uroa over aukande utfordringar med ufrivillig skulefråvær og psykisk uhelse blant born og unge i Volda. No set kommunen ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis ein kan få til ei betre samhandling mellom tenestene.
Publisert: 07.02.2023 kl 22:00
Nav gir 3.000 kroner som ei eingongsutbetaling til alle uføre på minstesatsane, til saman 88.553 personar, no i februar.
Publisert: 06.02.2023 kl 14:31 - Oppdatert: 08.02.2023 kl 00:14
Volda kommune søkjer Miljødirektoratet om statleg støtte til etablering av sanitæranlegg ved Botnasanden i Volda. Området er eit statleg sikra friluftslivsområde.
Publisert: 07.02.2023 kl 18:00
Volda langrenn og skiskyting arrangerte krinsmeisterskap laurdag og søndag på heimebane på Reset. Dei er ein del av Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins. Dei arrangerer eit slikt renn ein gong i året.
Publisert: 07.02.2023 kl 16:00
Volding og VG-journalist Espen Moe Breivik har no søkt Volda kommune om støtte til eit prosjekt med arbeidstittelen «Lyden frå bygda».
Publisert: 07.02.2023 kl 15:05
Frå onsdag føremiddag til tidleg natt til torsdag er det venta lokalt kraftige vindkast på 27-30 m/s frå sørleg retning. På kysten er det venta kraftige vindkast omkring 35 m/s, og sterk storm, ved Stad orkan. Vinden aukar først i vest.
Publisert: 07.02.2023 kl 14:00
Frykt for utanforskap gjer at mange foreldre gir barna mobil og tilgang til sosiale medium tidlegare enn dei eigentleg ønskjer, viser rapport frå Medietilsynet.
Publisert: 06.02.2023 kl 18:00
Det er fleire som har vendt seg til Møre og spurt om kvar videoopptaket av styremøtet i Helse Møre og Romsdal, der Mork rehabiliteringssenter vart nedlagt, er å finne. Etter at Møre kontakta helseføretaket er opptaket gjort tilgjengeleg på YouTube.
Publisert: 07.02.2023 kl 13:00
Den gamle symjehallen i Volda er så godt som borte. Trass i at det var ein solid konstruksjon, var det ingen sak for maskinene på 36 tonn å få ned bygget.
Publisert: 07.02.2023 kl 11:00
KFUM Volda Volleyball tapte dei to første setta mot Lierne IL i Volda campus SpareBank1 arena, men etter ein mektig snuoperasjon sikra Volda-damene ein sterk 3-2 siger.
Publisert: 07.02.2023 kl 07:00
I midten av februar skal 1.000.000 kroner tildelast til oppgradering av kommunale barnehagar for 2023. Med vedlikehaldsetterslep ved fleire uteområde er det ikkje midlar nok til opprusting hos alle.
Publisert: 06.02.2023 kl 21:00
Sjukefråværet i Volda kommune i tredje tertial 2022 har hatt ei lita auke frå 9,31 % i andre tertial til 9,78 i tredje tertial. Men det er i denne perioden berre ein sektor som ligg over 10 % fråvær. Totalt har sjukefråværskostnadane i 2022 vore på 33.898.654 kroner, noko som gjev eit...
Publisert: 06.02.2023 kl 16:00
1. januar 2031 skal 80 prosent av alle tilsette i barnevernet ha masterutdanning. Fagmiljøet ved Høgskulen i Volda jublar for at dei frå hausten 2023 kan tilby ein ny master i barnevernsarbeid.
Publisert: 06.02.2023 kl 13:00
Over 160 representantar frå totalentreprenørar og andre leverandørar møtte opp då Kystverket arrangerte leverandørkonferanse på Gardermoen for bygging av Stad skipstunnel.
Publisert: 06.02.2023 kl 11:01
Ørsta IL friidrett stilte med 17 motiverte utøvarar på innandørs KM i Ulsteinhallen. Ørsta-gjengen var stadig på pallen og fekk til saman åtte krinsmeistrar og 32 medaljar.
Publisert: 06.02.2023 kl 11:00
Etter at Volda kommune i 2018 kjøpte Botnasanden badeplass, vart det teikna inn ei eigedomsgrense ute i Rotevatnet i samband med frådelingssaka. Dette fekk andre grunneigarar i området til å reagere, og kommunen er no open for å endre grensa.
Publisert: 06.02.2023 kl 07:00
Standalseidet hytteforeining utfordrar Ørsta kommune og VØR til å bevise at god lokal forvaltning er mogleg, og etablere fullverdige avfallsløysingar for hytteabonnentane.