Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 23.01.2023 kl 13:00
Søndag og måndag skal 24 av dei beste kokkane i verda vise kva dei er gode for når Bocuse d'Or går av stabelen i Lyon. Bak den norske produksjonen står Volda-firmaet Oclin AS.
Publisert: 23.01.2023 kl 12:13
Helgehorntunnelen på fylkesveg 653 er stengt grunna oppryddingsarbeid, melder vegtrafikksentralen midt like etter klokka 12 måndag.
Publisert: 23.01.2023 kl 07:00
Coop Nordvest sine medeigarar sparte i 2022 nær 92 millionar kroner i kjøpeutbytte, medlemsfordelar og rabattar.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 22.01.2023 kl 20:00
Ein mann i starten av 30-åra frå Ørsta kommune, er tiltalt for å ha køyrt med ei alkoholpromille på over 1,44. Hendinga skal ha skjedd i 2022, men saka var oppe i Møre og Romsdal tingrett no. Mannen møtte og kjente seg ikkje skuldig.
Publisert: 22.01.2023 kl 18:00
Kvar onsdag kveld samlast ein gjeng med damer i Volda campus Sparebank1 arena for å spele innebandy saman. Her er det ikkje berre sporten som står i fokus – vel så viktig er det å skape eit hyggeleg sosialt fellesskap.
Publisert: 22.01.2023 kl 13:00
Ferske tal frå UP (Utrykkingspolitiet) syner at 542 bilførarar blåste til raudt i Møre og Romsdal politidistrikt i 2022 – det er ein oppgang frå 435 saker i 2021.
Publisert: 22.01.2023 kl 11:00
Måndag 13. februar går sceneteppet opp for «Somebody to love»! På scena får publikum møte kjærleiken gjennom musikk, dans og fargar.
Publisert: 22.01.2023 kl 07:00
Møre Konfeksjonsfabrikk ynskjer å utvikle eit område nedst i Elvadalen. Naturvernforbundet meiner at areala heller bør regulerast til naturområde.
Publisert: 21.01.2023 kl 20:00
Næringskonferansen i Ørsta blir i år arrangert for tiande gong, og har fått på plass eit program som arrangørane er svært stolte av.
Publisert: 21.01.2023 kl 18:00
Røde Kors har fram til no nytta dei tidlegare lokala til Varmesen som sentral for utlevering av kle og utstyr til trengande. Denne helga flyttar dei inn i nye lokale og får nytt namn.
Publisert: 21.01.2023 kl 13:00
Volda kommune skal betale Ørsta kommune eit eingongsbeløp på 8,8 millionar kroner for åra 2020–22 innan 1. april.
Publisert: 21.01.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 23.01.2023 kl 13:26
I Halkjelsgata i Volda sit tre stramt dresskledde menn rundt ein kontorpult. Kontrasten er stor mellom dresskoden og stemninga dei strålar ut. Her gjeld empati og omtanke framfor dominans og autoritet.
Publisert: 20.01.2023 kl 20:00
– Eg lagar skreddarsydde treningsopplegg til pasientane som dei kan greie på eiga hand. Som ein introduksjon til styrketrening anbefaler eg å nytte treningsstrikk, for då treng ikkje folk anna utstyr til treninga, seier kiropraktor Marius Hodt.
Publisert: 20.01.2023 kl 18:00
Om kommunen gir oppstartsløyve kan arbeidet med fundamenteringa til det nye bygget i Furene starte opp i slutten av februar. Om lag eit år seinare skal det to etasjes høge bygget stå ferdig med 6.000 kvadratmeter butikkareal. Ein leigetakar er allereie på plass.
Publisert: 20.01.2023 kl 16:00
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no sendt ut ei presisering knytt til finansiering av skuleturar: Det er ikkje lov å krevje eigenbetaling frå deltakarane.
Publisert: 20.01.2023 kl 14:00
Møre Konfeksjonsfabrikk AS sende nyleg inn framlegg til korleis eigedommen deira i Elvadalen kan utnyttast. No ynskjer dei å forhandle med Volda kommune om overtaking av tilgrensande tomt.
Publisert: 20.01.2023 kl 13:00
Volda-politikarane er imponerte over dei kommunale tenestene si evne til å busetje store mengder flyktningar på kort tid, og vonar det vil la seg gjere å ta imot nesten like mange flyktningar i 2023.
Publisert: 20.01.2023 kl 12:04
Over åtte av ti elevar trivst på skulen, men delen elevar som opplever mobbing, aukar på alle trinn. Det viser tal frå Elevundersøkelsen 2022.
Publisert: 20.01.2023 kl 11:00
Volda kommune får 33 GWt konsesjonskraft årleg, og har eit forbruk på kring 11 GWt på eigne anlegg. No vurderer kommunen å inngå avtale med ein kraftforvaltar.
Publisert: 20.01.2023 kl 07:00
– På garden driv vi med grå trøndersau, som gir den beste ulla. Den er finfibra og mjuk, og egnar seg til veldig mykje. Ull er eit fantastisk material og vi burde bruke meir ull!
– Vi har utvida med 780 kvm og skal flytte inn i nybygget i februar. Planen er å tilsette fem til ti nye i løpet av dei neste fem åra, og vi vil satse på nye område som varmepumper og næring, seier dagleg leiar Andreas Stamnes.
Publisert: 19.01.2023 kl 14:01 - Oppdatert: 19.01.2023 kl 15:43
Volda og Ørsta kommunar har i dag vorte samde i erstatningssaka knytt til grensejusteringa av Bjørke/Viddal. - Begge partar har vore rause ut frå sine utgangspunkt, seier voldaordførar Sølvi Dimmen.
Publisert: 19.01.2023 kl 22:00
Forsvaret sender torsdag ut melding til 4.594 bileigarar i Noreg om at dei treng bilen din i tilfelle det blir krise eller krig.
Publisert: 19.01.2023 kl 20:00 - Oppdatert: 19.01.2023 kl 21:39
I samband med planlagt utbygging av nytt bustadfelt (B58), er det behov for å fastsette nye offisielle namn på vegar som skal byggjast i området.
Publisert: 19.01.2023 kl 18:00
Torsdag la FrP-representantar fram to krav i Stortinget. Begge galdt bevaring av Mork Rehabiliteringssenter. Både innhald og det bygningsmessige.