Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 01.12.2022 kl 07:00
Tømrer Eiendom AS har fått nei frå Volda kommune til å bruke tidlegare butikklokale på Skjellebreida til nye domstolslokale. No ønskjer dei å kjøpe tomta kommunen har sett av til Bjørn Dæhlie-selskapet Sisa Invest AS for å byggje tinghus.
Publisert: 30.11.2022 kl 22:35 - Oppdatert: 30.11.2022 kl 22:40
Onsdag kveld fekk ein russebuss motorstopp i Rotsethorntunnelen i Volda. Dermed vart tunnelen stengt ei stund.
Publisert: 30.11.2022 kl 20:37
Etter ei pause i eliteserien på grunn av EM, spelte Volda mot Molde Elite på heimebane.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 30.11.2022 kl 20:00
Volda Sogelag inviterte til førjulssøndag med stemning, juleverkstadar, eventyr og nissekonebesøk. Så mange som 140 born fekk godtepose med nissekona.
Publisert: 30.11.2022 kl 19:00
Det er no tid for å foreslå kandidatar for Volda kommune sin frivilligpris 2022. Frist for å nominere kandidatar er 1. desember.
Publisert: 30.11.2022 kl 17:00
Både Volda og Ørsta kommunar er oppmoda om å busette 140 flyktningar kvar til neste år. Kvoten til Volda inkluderer seks mindreårige flyktningar i alderen 15–17 år.
Publisert: 30.11.2022 kl 16:00
Formannskapet i Volda kommune har sendt årsbudsjett for 2023 og økonomiplan 2023-2026 til offentleg ettersyn.
Publisert: 30.11.2022 kl 14:50 - Oppdatert: 30.11.2022 kl 15:21
Espen Andre Skotte Eiksund sov etter nattevakt då han vart vekt av politiet og naboar som ropte at båten hans var i ferd med å søkke i småbåthamna.
Publisert: 30.11.2022 kl 14:00
På spasertur rundt Hovdevatnet for eit par veker sida vart Roar Rønning merksam på at nokon hadde sett frå seg to sofaer med puter ved skogsvegen som går parallelt med hovudvegen, omtrent på baksida av trollet.
Publisert: 30.11.2022 kl 12:45 - Oppdatert: 30.11.2022 kl 15:08
Ørstaordførar Stein Aam er operert for kreft i blærehalskjærtelen.
Publisert: 30.11.2022 kl 11:00
Møre og Romsdal fylkeskommune vil behalde ruta Hovden-Oslo som FOT-rute i neste anbodsrunde for kortbanenettet. Dei ønskjer også at Hovden-Bergen skal bli FOT-rute, og at ei rute Hovden-Trondheim skal greiast ut.
Publisert: 30.11.2022 kl 07:00
Volda Kyrkjelege Fellesråd får refs frå brannsjefen i Volda kommune etter at dei sende inn melding om overnatting i Dalsfjord kyrkje dagen før hendinga fann stad.
Publisert: 29.11.2022 kl 20:00
For femte gong kan voldingar og andre studere Peparkakelandsbyen på Spinneriet kjøpesenter som Trivsel i sentrum står bak.
Publisert: 29.11.2022 kl 18:00
Volda kommune ordna med tre og lys. Frelsesarmeen heldt andakt. Volda skulekorps spelte og folk song og gjekk rundt treet.
Publisert: 29.11.2022 kl 16:00
– Det er ganske frekt å berre bruke ein container som står utom ein butikk sånn, seier Marit Drabløs.
Publisert: 29.11.2022 kl 15:18
Frå 29. november set Vy inn toetasjes bussar, såkalla dobbeltdekkarar, på VY430 mellom Ålesund og Bergen. I dag vert linja køyrt med tradisjonelle enkeltdekkarar.
Publisert: 29.11.2022 kl 14:16
Volda-kunstnaren Einy Åm-Sparks får produksjonsstøtte til dansefilmen «Bakom» som Vestnorsk filmsenter meiner har internasjonalt potensial.
Publisert: 29.11.2022 kl 13:00
KFUM Volda Volleyball sine elitedamer fekk ein tøff kamp når dei møtte tabell-toar Koll på heimebane.
Publisert: 29.11.2022 kl 11:00
Lauvstad Musikkorps stilte opp og spela juletonar til tenninga av lys på julegrana. Julegrantenninga har sin faste plass ved ferjekaia på Lauvstad.
Publisert: 29.11.2022 kl 10:01
Ørsta Senterparti vil i budsjettarbeidet gjere det ein kan for å skjerme born, unge, familiar og eldre. Difor vil vi ikkje ha auke av eigedomsskatten.
Publisert: 29.11.2022 kl 07:00
Trass i at Domstoladministrasjonen har skrive kontrakt med Tømrer Eiendom AS om leige av domstolslokale, held Sisa Invest AS fram planlegginga av nytt tinghus i Volda.
Publisert: 28.11.2022 kl 20:00
Det vert arrangert protestaksjon med appellar i regi av Ørsta bondelag på parkeringsplassen bak rådhuset i Ørsta i morgon, i samband med at det er venta at formannskapet skal vedta første del av planen for utbygging på Fremre Mo.
Publisert: 28.11.2022 kl 18:00
Kommuneoverlege Cecilie Oppedal opplyser at det er mykje koronasmitte i sirkulasjon.
Publisert: 28.11.2022 kl 16:00
Farenivået for gras- og lyngbrannfare i Møre og Romsdal er auka etter vedvarande opphaldsvêr i over to veker.
Publisert: 28.11.2022 kl 13:00
Sjukefråværet i Volda kommune har sidan starten av 2022 samla gått ned frå 14,69 % i fyrste tertial til 9,00 % ved utgangen av oktober.